Undervisingsopplegg til romanen Nedteljing av Anders Totland

Dette romanprosjektet tek utgangspunkt i boka Nedteljing av Anders Totland, og høver godt å arbeide med på 9. og 10. trinn. Opplegget kan gå over seks veker, men også kortare tidsrom, om ein ønskjer det. I dette opplegget får elevane nærlese ein nynorsk roman og arbeide med eit rikt utval av samtale- og skriveoppgåver.

Opplegget er utvikla av Susanne Marie Holthe Andreassen og kollegaer ved Hovedgården ungdomsskole i Asker.

Konkrete læringsmål

  • Lese og samtale om ein nynorsk roman
  • Kunne snakke om innhald, tema og bodskap
  • Kunne skrive korte og lengre tekstar på nynorsk
  • Bli gode på å bruke digitale ordbøker i skriveprosessen
  • Vere gode til å rettleie og vurdere andre sine tekstar
  • Kompetansemål frå læreplanen i norsk, 10. trinn
    • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
    • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid
    • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
    • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
    • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
    • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar

Veke 1

Time 1:

  • Presentasjon av romanprosjektet.
  • Kort læringsøkt om forskjellen mellom sakprosa og skjønnlitteratur, med vekt på sjangeren roman.
  • Introduksjon av den digitale ordboka og korleis vi søkjer etter ord.

Time 2:

  • Begynne på leselogg. Sjå på omslaget av boka – kva trur du ho handlar om?
  • Lese omtale frå forlaget om handlinga i boka – kva trur du romanen handlar om no?
  • Lærar les kapittel 1 og 2 høgt for klassen. Elevane skal svare: Fortel om det du nettopp høyrde. Kva trur du skjer vidare i romanen?

Time 3:

  • Jobbe med nynorsk grammatikk for å bli betre kjent med språket og den digitale ordboka. Sjå her og øvingsrommet til Språkrådet.

Veke 2

Time 1:

  • Summere opp det ein las i førre time.
  • Kva for personar har vi møtt på til no? (Viggo, Emma, Alex og Oskar).
  • Lese kapittel 3–5 høgt. Stopp opp undervegs, skriv ned nynorske ord som skil seg frå bokmål, på tavla. Samtal om forskjellane og likskapane mellom orda. Kan vi seie noko generelt om typiske kjenneteikn ved den nynorske skrivemåten?
  • Elevane skriv ned alle orda i ei digital arbeidsbok/kladdebok/eit nynorskdokument, og skal lage si eiga ordbok.

Time 2:

  • Summere opp det ein las i førre time.
  • Skrive personskildringar i oppgåva i leseloggen. Viktig tilpassing: Lærar fyller ut personskildringane etter kvart, slik at elevane som strevar, kan kopiere.

Time 3:

  • Lese kapittel 6–9.
  • Skriveoppgåve: Elevane har fått eit spørsmål frå Ung.no (basert på Viggo sine tankar og det som skjer i samtalar mellom han og Oskar i boka). Dei skal skrive svar til «Gut 15 år».

Veke 3

Time 1:

  • Summere opp det ein har lese fram til no.
  • Lese kapittel 10.
  • Skriveoppgåve: Siste setning i kapittel 10 er «Faen heller, kva er det verste som kan skje?» Skriv kva du trur skjer no.
  • Summere opp med læringspartnar og så i plenum.
  • Lese kapittel 11–13.

Time 2:

  • Lese kapittel 14–16.
  • Skriveoppgåve der elevane skal svare på SMS frå mora til Viggo. Maks 100 ord.
  • Summere opp med læringspartnar og så i plenum.

Time 3:

  • Økt med kameratrettleiing.
  • Elevane er delte inn i par. Dei skal lese kvarandre sine SMS-ar og rette opp i språklege feil. Ha vekt på verb, så substantiv, deretter andre høgfrekvente ord (del ut ei liste til dei på førehand). Sjå til dømes her.

Veke 4

Time 1:

  • Lese kapittel 17–19.
  • Skriveoppgåve: Du har no lese heile boka. Kva er dine tankar no? Korleis kunne Viggo handtert saka? Kva for eit terningkast vil du gje boka, og kvifor?
  • Summer opp romanen i plenum:
    • Kva har romanen handla om?
    • Open slutt? Kva skjer eigentleg?
    • Kva slags kjensler og tankar sit du igjen med etter å ha arbeidd med boka?
    • Har romanen ein bodskap?

Time 2:

  • Skriveoppgåve med spørsmål frå boka:
  • Skriv eit kort samandrag på maks 50 ord av handlinga i boka.
  • På side 21 las vi at Viggo finn nettsider som åtvarar om at andre ungdomar har gjort noko dumt på Chatroulette tidlegare. Dette er eit frampeik. Kva ligg i dette omgrepet, og kvifor kan vi kalle det her for eit frampeik?
  • I kapittel 12 badar plutseleg Viggo. Kva er grunnen til det? Og kva skjer når han er i vatnet?

Time 3:

  • Ny runde med kameratrettleiing med vekt på språk og grammatikk. Sjå særleg på oppgåvene frå førre time.

Veke 5

Time 1:

  • Introduksjon til vurdering på nynorsk. Gå gjennom vurderingskriteria og oppgåva.
  • Oppgåve: I romanen Nedteljing møter du Viggo som blir utpressa på nett av ei jente på Chatroulette. Du skal skrive eit brev til han der du skal fortelje han om nettvett, og korleis ein kan og bør opptre på nett. Skriv også noko om kva han kan gjere om han skulle kome i ein slik situasjon igjen.
  • Skriv 350–450 ord.
  • Elevane startar med å skrive.

Time 2:

  • Kameratrettleiing på teksten dei har begynt på. Deretter jobbe individuelt.

Time 3:

  • Skrive ferdig om det er behov for det.

Veke 6

Time 1:

  • Introdusere munnleg oppgåve og vurderingskriteria. Elevane får i lekse å førebu seg til samtalen.
  • Dele elevane inn i grupper på 4, kvar person får tildelt ei rolle og ei oppgåve. Kven som skal ha kva for ei oppgåve, er bestemt av lærar på førehand (nivåbaserte oppgåver der vi tenkjer at 1 er enklast).

Time 2:

  • Jobbe med oppgåva.

Time 3:

  • Jobbe med den munnlege oppgåva / innspeling om dei er ferdige.

Veke 7

Time 1:

  • Innspeling av gruppesamtale.
  • Eller: Begynne på oppgåve om digital plakat om nettvett. Korleis, kva, kven.

Time 2:

  • Jobbe med å lage digital plakat om nettvett på nynorsk. Levere plakaten denne timen.

Time 3:

  • Hengje opp laminerte plakatar i klasserommet. Karusell der elevane presenterer plakatane sine for klassen.