Andvake av Jon Fosse i klasserommet
Andvake er ei kort forteljing som blei utgitt i 2007, og som seinare blei første del av Trilogien. Dei andre forteljingane er Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014). Jon Fosse fekk Nordisk råds litteraturpris i 2015 for Trilogien. Andvake startar med at det unge paret Asle og Alida går omkring i Bjørgvin og spør etter husrom. Alida er med barn, og skal snart føde. Her finn du framlegg til oppgåver og arbeidsmåtar til Andvake.
Les Andvake høgt i klassen (81 sider), og/eller høyr på lydbok (om lag 1 time og 37 minutt). Ein kombinasjon av høgtlesing og å høyre på lydbok er også fint. Ta gjerne stopp undervegs for korte diskusjonar. Ein kan jobbe med oppgåvene to og to, eller i samla klasse. Ein kan også velje om ein vil gjere oppgåvene munnleg eller skriftleg. Vel dei oppgåvene dokker vil.
Før lesing:
- Finn ut kva andvake tyder.
- Fosse kallar Andvake ei forteljing. Diskuter med medeleven din kva ei slik sjangernemning kan innebere. Korleis skil forteljing seg frå andre sjangrar?
Under lesing: Noter stikkord om personar (Asle, Alida, mor Herdis), tid og stad medan dokker les. Her kan elevane få i oppdrag å følgje med kvar sine personar.
Asle |
Alida |
Mor Herdis |
tid |
stad |
Last ned skjemaet som Word-dokument: Andvake-stikkord (docx)
Etter lesing:
- Gje eit kort samandrag av den ytre handlinga i forteljinga.
- Kva tidsrom strekker handlinga i nåtida seg over? Når er det på året?
- Kvar går hendingane føre seg? Kva får vi vite om landskapet?
- Gje korte karakteristikkar av Asle, Alida og mor Herdis. Kven andre er med i forteljinga?
- Allusjonen til juleevangeliet først i forteljinga er tydeleg. Samanlikn innhaldet dei to tekstane, og finn likskapar og skilnadar. Kva funksjon får denne allusjonen?
- Kven er det som legg hindringar i vegen for Asle og Alida, kven kan vi sjå som motstandarane deira? Kva konsekvensar får motstanden for Asle og Alida?
- Det kan vere grunn til å tru at det skjer eitt eller fleire drap i forteljinga. Diskuter dette, og leit etter stader i teksten som kan underbygge påstanden.
- Korleis blir forståinga av og kjenslene våre for Asle og Alida? Har vi sympati eller antipati med dei? Grunngje svaret.
- Kva funksjon får fela og felemusikken?
- «Svevet» (s. 49–50, 53, 64 i 2007-utgåva, s. 56–57, 60, 72 i Trilogien) er ein sentral metafor. Kva tydingar kan svevet ha?
- Eit typisk forteljetrekk hos Jon Fosse er dei mange gjentakingane, både på ord- og setningsnivå og i forteljestrukturen. Finn døme på slike gjentakingar i teksten, og vurder kva funksjon dei har.
- Eit anna trekk er overgangane mellom fortid og nåtid som nokre gonger skjer ganske umerkeleg. Finn døme i teksten på tre slike overgangar.
- Kva er det i teksten som gjer at vi har ei kjensle av at hendingane er lagt tilbake i tid? Sjå på både ordval og syntaks.
Her finn du døme på nokre fagomgrep du kan ha bruk for i arbeidet. Fyll ut skjemaet med ordforklaringar og andre faglege omgrep som dokker tek i bruk.
Omgrep | Omgrepsforklaring |
Analepse |
|
Ellipse |
|
Fri indirekte tale |
|
Forteljarposisjon (Kven fortel? Kan vi stole på forteljaren?) |
|
Språklege verkemiddel |
|
Last ned skjemaet som Word-dokument: Andvake-fagomgrep (docx).
Nokre tips til korleis dokker kan arbeide med Andvake
Litterær samtale
Ta utgangspunkt i spørsmåla elevane har arbeidd med, og legg til rette for ein semistrukturert litterær samtale. Det finst mange ulike måtar å organisere denne samtalen på. Ein måte er å dele elevane i grupper på tre eller fire, tildele dei grupperom og la dei ta opp samtalen på telefonen.
- Jobb med forventningane til samtalen
Elevane startar kvar sin gong med å svare på eit spørsmål. Når den fyrste eleven på gruppa har svart, kan dei andre elevane utdjupe svaret ved å vise kommentarteikn til gruppa. Når eleven kommenterer eller utdjupar det ein medelev seier, er viktig å vise god samtaleskikk. God samtaleskikk handlar om å vere ein god lyttar, å validere og byggje vidare på andre sine synspunkt og ikkje avbryte, til dømes. - Å vere open for fleire tolkingar
Det er viktig å minne elevane om at det ikkje er eit mål at alle på gruppa skal ha ei felles tolking eller meining om forteljinga, men det er viktig å respektere kvarandre sine syn, tolkingar og grunngjevingar. - Bli samde om nokre vurderingspunkt for samtalen
Døme på vurderingspunkt kan vere:- Du uttrykker og grunngjev eigne lesetolkingar med utgangspunkt i forteljinga.
- Du reflekterer kring det du har lese.
- Du ordlegg deg presist og bruker faglege omgrep på ein relevant måte.
- Du viser god samtaleskikk, og er open for / byggjer vidare på andre sine tolkingar og refleksjonar.
Litterær podkast
Elevane kan også ta utgangspunkt i eit utval av oppgåvene dei har arbeidd med, og lage ein litterær podkast. Då kan dei byggje inn opplesingspunkt undervegs i samtalen, og leggje til lydscener for å gjere opplesinga meir autentisk. Å få til ei veksling mellom opplesingspunkt og samtale kan vere ein spennande måte å arbeide med både tekst og tolking på. Elevane kan også utforme podkasten på andre måtar. Sjå til dømes forslaget til podkast-manusramme som du finn her.
Lag ein video-trailer
Lag ein video-trailer som skal skape interesse for forteljinga Andvake. Elevane avgjer sjølve kven som skal vere målgruppa for traileren. Elevane kan delast i grupper på fire og lage trailerane ved hjelp av mobilkameraa sine.
Traileren skal:
- vekke interesse for forteljinga Andvake
- ha ei spesifisert målgruppe
- innehalde ei kort dramatisering
- nytte musikk
- ha ei forteljarstemme (populært kalla voice-over) som appellerer til medelevane
Autentisk oppdrag:
Kanskje elevane kan få besøke ein annan klasse som skal lese Andvake, og presentere trailerane sine for dei?
Fleire kjelder:
- Trilogien finst som lydbok, m.a. på Bookbites, Fabel og Storytel
- Jon Fosse blir intervjua av Hans Olav Brenner, 2019, NRK, 59 min
- Samtale om Andvake-trilogien i samband med Nordisk råds litteraturpris 2015, NRK, 25 min.
- Dag Skarstein og Inger Vederhus (red.) 2020: Fosse i skulen. Samlaget.
- Jan H. Landro 2022: Jon Fosse – Enkelt og djupt: om romanane og forteljingane hans. Selja forlag.