Jon Fosse: Prosa frå ein oppvekst

Prosa frå ein oppvekst består av 43 korte tekstar. Lengda på tekstane er frå to setningar til litt i overkant av to sider. Som tittelen seier, er dette minne frå ein barndom og ungdom. Hendingane går føre seg i eit vestlandsk landskap, med fjorden, vegen, husa og fjellet som bakgrunn. Landskapet fungerer som ein raud tråd og skaper ein samanheng mellom tekstane. 

Mange av tekstane har ein førstepersons-forteljar, eit eg eller eit vi. Dei andre tekstane har gjerne ein allvitande forteljar, og ein vi får lese mykje om, er kameraten Asle. Også andre kameratar, besteforeldra og foreldra er med. Tekstane handlar om daglegdagse situasjonar, om gitarspeling, dansing, røyking, turar, mat, besteforeldre og foreldre, og interesse for jenter.   

I klasserommet kan ein arbeide med heile samlinga eller velje ut einskilde tekstar. Lån boka på biblioteket, eller les Prosa frå ein oppvekst digitalt.

Oppgåvene kan du skrive ut her: Oppgåver til Prosa frå ein oppvekst (docx)

Fosse Skalert
Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

Oppgåver

  1. Les om noveller på desse to nettstadene og i læreboka di, og lag deretter ei liste med fem-seks punkt over typiske novelletrekk. 
    Om novellesjangeren på Ndla 
    Om noveller på Norsksidene  
    Sjå deretter på nokre av tekstane i Prosa frå ein oppvekst, og vurder i kva grad desse novelletrekka passar på tekstane. På kva måte skil Fosse sine tekstar seg mest frå dei novelletrekka du har på lista? 
  2. Gje ein karakteristikk av eg-personen ut ifrå «Det er heilt umogleg å få stemt gitaren», «Tydeleg arr på neven» og «Eg har fått vite at ein kjenning brått er død». Du kan også trekke inn fleire tekstar om du vil. 
  3. Gje også ein karakteristikk av Asle. Du kan sjå nærare på desse tekstane: «Langt fint hår og ein fin hatt», «Du kunne ha spelt fele», «Asle blei politisk aktivist», «Asle vil ha seg hund» og «Asle har aldri lese ei bok». Her er det også mogleg å trekke inn fleire tekstar. 
  4. Korleis vil du karakterisere det miljøet desse hendingane går føre seg i? 
  5. Skriv nokre setningar om korleis forholdet mellom eg-personen og bestemora er. Les tekstane «Lauk og poteter», «Bestemor mi ligg i ei seng» og «Kvar vår det same».  
  6. Lag ein teikneserie av ein av tekstane, bruk minst fire bilde. Du kan finne tips til korleis du kan gjere det her
  7. Her ser du ein teikneserie som Steffen Kverneland har laga til «Han der originalen». Samanlikn teksten og teikneserien. Kva er det teikneserien får fram som ikkje teksten får fram, og omvendt? 

Grammatikkøvingar 

  1. Vel ein av desse tekstane: «Øksa», «Jenter», eller «Svensk». Skriv om ein av desse tekstane frå presens til preteritum. Finn verba i teksten og bøy dei. Finn ut om verba er sterke eller svake. 
  2. Gjer motsett med «Asle blei politisk aktivist», der du skriv om frå preteritum til presens. Finn verba her også, og bøy dei. Finn ut om verba er sterke eller svake.  
  3. Vel ein tekst og finn fem substantiv. Kva kjønn er dei? Bøy deretter substantiva. 
  4. Les teksten «Ut i verden», og finn adjektiva i teksten. Korleis bøyer ein adjektiv? 
  5. I «Forferdeleg god» diskuterer dei om det er rett å seie at lapskausen var «forferdeleg god». Kjenner dokker til andre liknande uttrykk der ein bruker eit ord med negativt innhald for å forsterke noko positivt? Diskuter i klassen. Kva for forsterkande adjektiv eller adverb bruker dokker mest? (Døme kan vere: vanvettig, sinnsjukt, fantastisk, innmari) 
  6. Kva er skilnaden mellom eit adjektiv og eit adverb? Sjå på desse setningane: 
    Treet var veldig høgt – Ho song veldig høgt 
    Ho hadde eit langt skjerf – Han køyrde langt den dagen 
    Guten snakkar stygt til mora si – Jenta synest huset er stygt 

Skriveoppgåver 

  1. Fleire matrettar blir nemnde i tekstane: karbonadesmørbrød, raspeballar, lapskaus og steikt flesk med egg, poteter og lauk. Skriv ein kort tekst der du skildrar ein av desse rettane eller ein annan favoritt-matrett. Få fram kva det er med denne retten du liker særleg godt. 
  2. Skriv ein tekst om ei hending du hugsar frå din eigen oppvekst. 
  3. Ein av tekstane heiter «Eg blir så glad» og handlar om gleda over å samle på bussbillettar. Skriv ein tekst om ein liten ting du kan bli veldig glad for.  
  4. I «Vasspistol» skadar eg-et armen sin, og som trøyst får han ein vasspistol. Skriv om ein gong du trong trøyst.  
  5. Ein tekst er kalla «Eg trivst». Skriv om ein situasjon der du kjenner at du trivst.