Felles nærlesing av romanen Arrfjes

Arrfjes stort

Dette undervisingsopplegget tek utgangspunkt i ei felles nærlesing av romanen Arrfjes av Terje Torkildsen. Boka er kåra til ei av dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette tusenåret.

Å lese litteratur er ei sentral målsetjing i læreplanverket. Elevane skal lese både korte og lengre tekstar og reflektere over føremål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel. Det er også eit eige kompetansemål at elevane skal reflektere over korleis tekstar framstiller unge sin livssituasjon.

Gjennom arbeidet med Arrfjes får ungdomane eit meiningsfullt møte med ein skjønnlitteratur som speglar ei anna tid enn deira eiga. Det gir elevane moglegheit til å reflektere over livsvilkåra og forventningane til ungdom og no. Ved å bruke faglege omgrep får elevane trena opp ein litterær kompetanse som dei gradvis kan byggje vidare på gjennom andre nærlesingar.

Undervisingsopplegget tek utgangspunkt i ei rekkje samarbeidsoppgåver der elevane skal samtale, skrive og teikne. Oppgåvene kan byggjast både ut og inn, men det er viktig at læraren følgjer nærlesinga tett og rettleiar elevane i arbeidet, slik at elevane får god støtte i lesinga.

Heile undervisingsopplegget finn du her:

Stripe

Samtalekorta i undervisingsopplegget finn du også i ein PowerPoint-versjon. Merk deg at forslaga til vidare arbeid med boka berre er å finne i undervisingsopplegget.

Ungdomsromanen Arrfjes skaper spenning og pirrar leselysta frå første side. Denne gongen er det den historiske robinsonaden som er sjangervalet til Torkildsen. Handlinga er lagd til 1812, under krigen mot Storbritannia. Ejner Tevig er 13 år då han mønstrar på det norske skipet Haabet. Snart skimtar dei eit britisk skip i horisonten. Det seglar under gult flagg. Flagget varslar sjukdom og død.

Om Arrfjes frå nynorskbok.no