Felles leseprosjekt: Draumar betyr ingenting
Lærarane Guro Hårstad og Øyvind Holm har lese romanen Draumar betyr ingenting av Ane Barmen saman med 10. klasse ved Rosten skole i Trondheim. Dei har laga oppgåver og diskusjonsspørsmål til kvart kapittel i boka, og dette opplegget har vi fått lov å dele her på Nynorsksenteret sine sider. Romanen har fungert kjempegodt som felles leseprosjekt, og dei har opplevd at prosjektet har vore ein inngang til mange interessante refleksjonar hjå elevane.
Last ned opplegget deira som Word-fil: Draumar betyr ingenting: Kapitteloversikt og spørsmål (docx)
Forankring i læreplanverket
Leseprosjektet er godt forankra i læreplanverket og kjerneelementa i norskfaget, mellom anna «tekst i kontekst» og «munnleg kommunikasjon»:
Gjennom å lese og arbeide med denne teksten får elevane oppleve, bli engasjerte, undre seg og få innsikt i andre menneske sine tankar og livsvilkår. Oppgåvene inviterer elevane til å utforske og reflektere over skjønnlitteratur på nynorsk, og teksten kan knytast til samtida til elevane.
Oppgåvene legg opp til at elevane kan få positive opplevingar ved å uttrykkje seg munnleg på ulike måtar. Gjennom dei faglege samtalane om boka skal dei både lytte til og bygge på andre sine innspel.
Tips: Dersom ein nyttar Skolestudio som digitalt læreverk, ligg romanen med både tekst- og lydbokversjon i biblioteket der.