Nynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk

Mange skular har prøvd ut opplegg der elevar med bokmål som hovudmål bruker nynorske lærebøker i andre fag enn norsk. Føremålet er først og fremst at elevane skal få meir øving i å lese fagtekstar på nynorsk. Med ei nynorsk lærebok utanfor norskfaget får elevane røynsle med nynorsk som eit språk i bruk. 

Kolvikbakken ungdomsskole har hatt nynorsk lærebok i KRLE eller i samfunnsfag i 10 år.

– Når alle 400 elevane har det, vert det ingen spørsmål rundt det. Fleire var skeptiske når vi starta med det, men det viser seg at elevane jamt over er like gode, eller betre, i fagstoffet, seier lærar Magritt Jarlsdotter Grimstad.

Grimstad peikar på fleire positive effektar av dette, mellom anna at terskelen for å spørje om kva eit ord betyr, vert lågare.

– Ofte spør dei om ord eller uttrykk som dei trur er frå nynorsk, som til dømes metaforen «å gå til grunne». Fordi fleire trudde dette var eit ukjent nynorsk uttrykk, fekk vi ein diskusjon rundt det.

– Etter mi meining er det dette som skal til, ein må bade i språket for å bli god. Det handlar om å møte nynorsken dagleg, seier Grimstad

I denne filmen frå 2007 ser me døme på korleis læraren Torill Tørjesen på Holmlia i Oslo gjennomfører ei undervisningsøkt. 

Det er viktig å avklare eit slikt lærebokval tidleg med elevane og med heimen. Å forlenge sidemålsundervisninga til KRLE, eventuelt samfunnsfag, har fleire pedagogiske fordelar som dei føresette må informerast om. Lærarane har erfart at når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan elevane tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk. Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. Denne læringssituasjonen opnar opp for kontrastiv språkopplæring der kvardagsspråk og fagspråk blir sett opp mot kvarandre og samanlikna med omgrep på nynorsk og bokmål. Slik undervisning skaper medvit om kravet til presisjon i språket og gjer elevane motiverte for å lære sidemålet sitt fordi dei kan bruke det i ein meiningsfull samanheng.

Moglege nynorskaktivitetar

  • Elevane nyttar nynorsk som skriftspråk i timane, det vil seie at dei nyttar nynorsk både når dei skriv samandrag av tekstar, svarar på oppgåver, lagar spørsmål og svar til innhaldet i kapitlet, særoppgåver og skriv refleksjonstekstar.
  • Læraren nyttar nynorsk som tavlespråk og på prøvar og anna informasjonsmateriell.
  • Klassen brukar nynorske tekstar ved høgtlesing, anten det er læraren som les, elevar som sit to og to, eller elevar i gruppe. Det kan anten vere tekstar frå læreboka eller tekstar som elevane sjølve har skrive.
  • Ordbank: Kvar gong elevane les ein ny tekst i læreboka, anten det er på skulen eller heime, skriv dei inn nye eller vanskelege ord i ein eigen ordbank. Ordbanken kan anten vere i ei eiga bok, eller dei kan skrive orda inn i margen på skriveboka si. På denne måten vert elevane oppmuntra til å spørje om ord og omgrep dei ikkje skjønar, både ord som er særeigne for nynorsk, og generelle fagomgrep. Dermed aukar ordtilfanget til elevane både på bokmål og nynorsk. Læraren kan med jamne mellomrom spørje elevane om kva ord dei har funne, og skrive desse på tavla. På den måten deler elevane dei nye orda med kvarandre.
  • Elevane kan «låne» tekst frå læreboka når dei skriv. Dei kan hente ord og uttrykk frå tekstane når dei skriv tekstar sjølve eller svarar på oppgåver. Dette er både ei skrivehjelp og ei automatisering av korleis bestemte ord vert skrivne.