Retoriske appellformer og språklege verkemiddel

Eit debattinnlegg er ein tekst der skribenten fremmar eit klart synspunkt og argumenterer for det. Det kan også tilbakevise andre sine påstandar og argument. Målet med eit slikt innlegg er å bidra til samfunnsdebatten. I dette undervisningsopplegget skal elevane leite etter retoriske appellformer og språklege verkemiddel i debattinnlegget «Eit sviktande hjarte» av Egil Romslo Schistad.

Egil Romslo Schistad er lege i spesialisering ved Ålesund sjukehus. Han er også ein aktiv debattant. Kommentaren «Eit sviktande hjarte» er eit hjartesukk over eit vedtak frå styret ved sjukehuset om gigantiske millionkutt. Styret kom samtidig med lovnader om at kutta ikkje skulle gå ut over pasientane. Då kjende legen behov for å seie frå om at noko slikt ikkje er mogeleg. Han ville vise kva som blir konsekvensane av slike kutt, og korleis han opplevde å vere i eit system der pengar er viktigare enn menneske. I teksten skildrar han ei vanleg, hektisk vakt ved sjukehuset.

Teksten gjekk viralt og var det mest lesne lesarinnlegget i Sunnmørsposten i 2019. I etterkant vart det ein stor aksjon om kutt i helsevesenet i sosiale medium: «Ring i bjølla». Schistad vart også heidra med Sunnmørsposten sin heiderspris, og fekk klart flest stemmer blant publikum.

Arbeid med retorikk

Læreplanmål

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer

Del 1. Føremålet med teksten

Les teksten saman i klassen: «Eit sviktande hjarte».

Etter at de har lese teksten, ber du elevane snakke saman to og to om eitt eller fleire av desse spørsmåla:

  • Kven er denne teksten skriven for?
  • Kva trur de var føremålet til lege Egil Romslo Schistad med å skrive og sende denne teksten inn til avisa Sunnmørsposten?
  • Kva er bodskapen til forfattaren?
  • Egil Romslo Schistad seier at føremålet hans med å skrive er «å bruke orda til å endre det eg skriv om». Kva trur du han meiner med dette ?
  • I kva grad trur de forfattaren greidde å nå fram med bodskapen sin?
  • Dette innlegget skapte enormt engasjement blant lesarane. Det gjekk viralt i sosiale medium, og Egil Romslo Schistad vann Sunnmørsposten sin heiderspris med klart flest publikumsstemmer. Kvifor vart det slik, trur de?

Når elevane har diskutert, kan de snakke saman i klassa om kva dei trur er føremålet til forfattaren med å skrive og publisere denne teksten.

Del 2. Retoriske appellformer

Når ein tekstforfattar ønskjer å overtyde oss om noko, brukar han retorikk. Ofte vil han ta i bruk overtydingsmidla etos, patos og logos for å nå fram med bodskapen sin. Den som skal overtyde, må stå fram med autoritet og truverd (etos), han må vekkje dei rette kjenslene hjå mottakarane (patos) og leggje fram saksforhold som overtyder mottakaren (logos) (kjelde: www.ndla.no).

Vidare skisserer vi eit opplegg der elevane lærer om, arbeider med og leitar etter desse formene i teksten.

1 Forklar dei retoriske omgrepa etos, patos og logos for elevane.

De kan lese om etos, patos, logos her:

2 Oppgåver

  1. Be elevane forklare (to og to for kvarandre) kvart av dei tre omgrepa etos, patos og logos med eigne ord.
  2. Samtal om korleis elevane brukar etos, patos og logos når dei diskuterer med foreldra sine.
  3. Be elevane finne døme på korleis forfattaren brukar etos, patos og logos i teksten.

Døme frå teksten:

Etos: Eg er ein av desse du ser haste over linoleumsgolvet i den pulserande bygningen. Ein av dei i andre enden av telefonrøyret når du ringer 113.

Patos: Eg leikar Gud. I motsetning til meg, er Gud overalt.

Logos: Forskinga på hjartesvikt viste etter kvart det motsette av det ein trudde. Eit hjarte som sviktar, skal ikkje piskast. Det skal bremsast og skjermast frå meir stress og adrenalin. Trykk og frekvens skal ned.

Del 3. Språklege verkemiddel

Kunnskap om språklege verkemiddel kan hjelpe elevane til å ta føremålstenlege og kreative språklege val. I denne teksten er det fleire språklege verkemiddel. I oppgåvene nedanfor får elevane arbeide med nokre av dei (kjelde: norsksidene.no og ndla.no).

1 Metaforar og samanlikningar

    Metaforar og samanlikningar kan skildre nokon eller noko på ein kort og treffande måte. Samanlikningar gjer vi tydelege med samanlikningsord som lik, som, liksom. Når vi brukar metaforar, utelet vi desse samanlikningsorda. Ein metafor er eit ord eller eit uttrykk som blir brukt i biletleg eller overført tyding. Dersom vi tek ein metafor bokstavleg, vil det mest truleg høyrest veldig rart ut.

    Oppgåve:
    I teksten er eit hjarte ein utvida metafor for Ålesund sjukehus. Vis døme frå teksten på dette. Samtal om korleis denne metaforen fungerer i teksten.

    Finn du fleire metaforar i teksten?

    Finn du døme på samanlikningar?

    2 Kontrastar

      I denne teksten er det fleire kontrastar der forfattaren set motsetningar opp mot kvarandre. Dette kan vere med på å forsterke og tydeleggjere noko viktig. Eit døme på kontrastar i teksten er: «Eg leikar Gud. I motsetning til meg, er Gud overalt». «Færre hender skal med høgare frekvens ta unna det stadig aukande volumet av pasientar frå ei aldrande befolkning».

      Oppgåve:
      Be elevane finne døme på kontrastar i teksten.

      3 Retoriske spørsmål

        Retoriske spørsmål er utrop eller fråsegner som er forma som spørsmål, men som forfattaren ikkje ventar svar på. Spørsmålet er ikkje meint som eit spørsmål, men som eit kommunikativt verkemiddel.

        Oppgåve:
        Be elevane finne døme på retoriske spørsmål i teksten.

        4 Leik med klisjear

          Klisjear er språklege metaforar som er vi har høyrt så ofte at vi opplever dei som kjedelege. I teksten leiker forfattaren seg med slike språklege klisjear.

          Til dømes:

          • Klisje: «Vi på golvet». Her: «Vi på linoleumsgolvet».
          • Klisje: Pasienten er lenkja til senga. Her: Fag, straffelova og samvitet lenkjar meg til senga.

          Be elevane finne døme på korleis tekstforfattaren brukar klisjear i ein ny samanheng. Kva er det som gjer at klisjeane ikkje blir like kjedelege her?

          5 Korte setningar

            Forfattaren brukar fleire stader korte og ufullstendige setningar. Dette påverkar rytmen og tempoet i teksten.

            Oppgåve:
            Be elevane finne døme på korte og ufullstendige setningar i teksten.

            6 Gjentaking

              Ord, setningar og situasjonar blir gjentekne fleire gonger i denne teksten. Gjentakinga kan vere med på å understreke eller forsterke noko viktig.

              Oppgåve:
              Be elevane finne døme på gjentaking i teksten.

              7 Ordval

                Teksten har fleire ord som har konnotasjonar til det medisinske fagfeltet. Dette er sett inn i samanhengar som ikkje handlar om medisinske tilstandar. Døme: Radikale kutt og amputert pasientbehandling. (medisinsk ord: amputert)

                Oppgåve:
                Be elevane finne døme på ord i teksten med konnotasjonar til det medisinske fagfeltet.

                8 Besjeling

                  Når vi gir menneskelege eigenskapar til ting, dyr eller naturfenomen, kallar vi det besjeling. Dette kan vere med på å vekkje eller styre lesaren sine kjensler.

                  Døme: … den pulserande bygningen.

                  Oppgåve:
                  Be elevane finne døme på besjeling i teksten.

                  Vidare arbeid

                  Retorisk analyse

                  Ein kan fint utvide dette opplegget til at elevane skal skrive ein retorisk analyse der dei analyserer form, innhald og formål med teksten. Dette kan ein gjere felles i klassa, som samskrivingsoppgåve eller som individuell oppgåve.

                  Her finn du ei enkel skriveramme for retorisk analyse.

                  Ei innføring i språklege verkemiddel på nett, kan du finne på Norsksidene.no og her NDLA.

                  Skriv eit debattinnlegg

                  Be elevane gå i grupper og bli einige om noko ved skulen som dei ønskjer å endre. Kva poeng er viktige å få med? Korleis vil dei bruke overtydingsmidla etos, patos og logos for å få fram poenga sine? Korleis vil dei formulere seg for å nå fram til lesarane slik at dette kan bli ein debatt? Elevane kan deretter skrive teksten, individuelt eller i grupper.