Å samanlikne tekstar
Å samanlikne tekstar er eit sentralt mål i norskfaget. I denne læringsressursen får elevane samanlikne tekstane «Onsdag 11. mars» av Sigrid Agnete Hansen og «Torsdag 12. mars» av Helga Songøygard Battin.
I arbeidet får elevane leite etter likskapar og forskjellar i dei to tekstane. Dei får også arbeide med å finne nokre språklege verkemiddel. Når elevane samanliknar tekstar, må dei ha ei utforskande og kritisk tilnærming til tekstane. Denne tilnærminga er ein viktig kompetanse når vi skal ruste elevane til å delta i samfunnet. Tekstane i denne ressursen er svært godt eigna når elevar skal prøve ut denne måten å lese tekstar på.
Ressursen er ei sjølvinstruerande læringsløype som passar godt for dei yngste elevane i ungdomsskulen. Dersom ein utvidar oppgåvene noko, kan ressursen også passe for elevar opp mot 10. trinn. Ressursen er godt eigna å bruke for elevar med heimeskule.