Arbeid med strategiar som gode lesarar nyttar

I denne ressursen skal elevane lese teksten «Jordnær og høgtsvevande» av Anne Rivenes. Teksten er eit portrettintervju frå avisa Hordaland med 19 år gamle Amalie Hegland Lauritzen frå Voss som driv med freestyle kroppsflyging i vindtunnel på internasjonalt nivå.

Målet med ressursen er at elevane skal arbeide med ulike lesestrategiar. Dei skal mellom anna samanfatte, finne nøkkelord og stille spørsmål til teksten. Dette er nokre av strategiane gode lesarar nyttar seg av for å forstå og hugse det dei les. Medan elevane arbeider med dei ulike strategiane, får dei øving i å uttrykkje seg munnleg for kvarandre. Det er også eit mål at elevane skal få erfare at ein kan finne interessant og aktuelt nynorsk lesestoff i aviser og vekeblad.

Det går heilt fint å lese teksten og berre gjere nokre av oppgåvene.

Før lesing

Aktivere forkunnskapar om sjangrar og skape forventningar til det vi skal lese:

Vis teksten «Jordnær og høgtsvevande» på skjerm. Spør elevane:

  • Kva slags teksttype (sjanger) tenkjer elevane dette er?
  • Kvar (avis) er teksten henta frå?
  • Når er teksten skriven?

Sjå på bileta, innleiinga, overskriftene og avslutninga:

  • Kva trur elevane teksten vil handle om?
  • Kva kan vi lære av å lese denne teksten?
  • Er det nokon som har høyrt om Amalie Hegland Lauritzen tidlegare? Kva veit de om henne?

Vekke interesse for temaet:

Sjå desse to filmane:

Under lesing

Lesing med læringspartnar, to og to gjenfortel etter tur

I denne oppgåva skal elevane lese gjennom teksten saman med læringspartnaren sin. Medan dei les, skal dei stoppe opp etter kvart avsnitt og gjenfortelje det dei har lese. Elevane byter på å lese/gjenfortelje kvart sitt avsnitt etter tur, der ein er sendar og ein er mottakar.

Start gjerne med å modellere for elevane korleis ein gjer dette. Fortel elevane at du vil lese første avsnittet i teksten høgt for klassen, og deretter gjenfortelje det du har lese. Medan du fortel, skal elevane overvake om gjenforteljinga di er god. Dei skal finne ut:

  • Var det viktigaste med?
  • Saknar dei noko?
  • Vart det for likt originalteksten?
  • Var læraren flink til å gjenfortelje teksten med eigne ord, gjere teksten til sin, eller var både ordval og setningar for likt originalteksten?
  • Bør gjenforteljinga endrast, fyllast ut, kortast?

La elevane lese teksten for kvarandre og gjenfortelje avsnitt for avsnitt medan dei lyttar og kommenterer for kvarandre.

Etter lesing

Arbeid med nøkkelord

Kvart læringspar vel ut tre-fem sentrale nøkkelord frå teksten. Dei skriv orda på lappar, eitt ord på kvar lapp. Læraren samlar inn lappane og puttar dei i ein boks, ei korg eller liknande.

Læraren trekkjer eit nøkkelord, og elevane skal gjenfortelje det dei hugsar om dette nøkkelordet frå teksten, for læringspartnaren. Diskuter om det var lett å fortelje noko frå dette nøkkelordet, og om dette er eit sentralt ord i teksten. Dersom det same ordet kjem opp att, trekkjer læraren ein ny lapp.

Mottakarmedvit

Læringspara fortel om kven Amalie er, kva ho driv med og kva ho er oppteken av, til kvarandre, men medan dei fortel, skal dei vere medvitne om kven dei fortel for:

  • Leik at mottakaren er ei veslesøster på 4 år.
  • Leik at mottakaren er ein oldefar på kvileheimen på 93 år som i tillegg høyrer litt dårleg.
  • Leik at mottakaren er ein ungdom på dykkar alder som levde i 1920.

Stille spørsmål til tekst

Reportasjen om Amalie er eit portrettintervju. Journalist Anne Rivenes har gjort undersøkingar for å vite mest mogeleg om Amalie på førehand. Ho har sikkert lese tidlegare intervju, sjekka Amalie sine kontoar på sosiale medium og sett filmar med Amalie i vindtunnelen. I tillegg har ho kanskje snakka med nokon som kjenner Amalie, som trenar, venner, søsken eller foreldre. Slik veit journalisten litt om kva ho skal spørje Amalie om for at intervjuet skal bli interessant for oss å lese. I teksten kan vi ikkje sjå kva for nokre spørsmål journalisten har stilt Amalie. Spørsmåla har ho baka inn i svara til Amalie.

Gje læringspara i oppgåve å tenkje ut kva for nokre spørsmål og oppfølgingsspørsmål dei trur journalisten har stilt til Amalie. Be dei skrive ned spørsmåla. Del gjerne spørsmåla med resten av klassen i Padlet eller liknande, og diskuter om dei er gode. Sjekk også om der er ja/nei-spørsmål. Diskuter om dette er gode spørsmål i eit portrettintervju.

Elevane kan lage spørsmål til avsnittet som startar med «fisken i vatnet» først:

Kva for eit/nokre spørsmål trur de journalisten har stilt til Amalie her?

Deretter kan dei gjere det same med avsnitta som startar slik:

  • «Eg er ganske inspirert av mamma»
  • «Familien Hegland Lauritzen»

Nokre læringspar arbeider sikkert raskare enn andre. Dei som er først ferdige, kan lage spørsmål til heile intervjuet.

Tverrfaglege tips

Naturfagleg forsøk

For å forstå korleis prinsippet i ein vindtunnel fungerer, kan ein gjere eit naturfagleg forsøk med hårfønar og ballong/bordtennisball.

Hvordan få en ball til å sveve (nysgjerrigper.no)

Musikk/engelsk

Amalie Hegland Lauritzen er med i musikkvideoen «Waterfall», produsert av Sia/Pink/Stargate. Be elevane reflektere over kvifor produsentane ville ha med freestyle kroppsflygarar i vindtunnel i denne musikkvideoen?

Vidare lesing og enklare tekst

Forankring i læreplanen i norsk

Grunnleggande ferdigheiter:

Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i å kunne lese. Det å kunne lese i norsk inneber mellom anna å kunne lese og reflektere over sakprosa og meistre lesestrategiar tilpassa føremålet med lesinga.

Norskfaget har også eit særleg ansvar for utviklinga av munnlege ferdigheiter. Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, fortelje og samtale.

Kompetansemål, norsk 10. trinn:

Elevene skal kunne:

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler.
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium.

Kjelder

Kverndokken, K. 2016. 101 måter å lese leseleksa på – om lesing, lesebestillinger og tekstvalg. Bergen: Fagbokforlaget.