Bok på 1-2-3: Brevet frå krigen

Brevet Fraa Krigen 729X1024

Dette er eit tofagleg opplegg for 8.–10. trinn i faga norsk og samfunnsfag. Med utgangspunkt i boka Brevet frå krigen arbeider vi med nokre sentrale hendingar i den andre verdskrigen i Noreg. Vi skal også sjå dei i samanheng med verdigrunnlaget i LK20, der menneskeverdet, demokrati og medverknad er sentrale punkt.

Brevet frå krigen er eit godt utgangspunkt for å snakke om menneskesyn og tidlause verdiar som vennskap og omsorg. Opplegget kan både gjennomførast i klasserommet eller i heimeskule.

Tidsramme: Tre økter à 30–40 minutt

Økter

Formål

Norsk etter 10. trinn

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk (…) og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
  • lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer

Samfunnsfag etter 10. trinn

  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast

Tilleggsstoff