Venskap og kjærleik: motiverande småskriving på nynorsk!

Målet med dette opplegget er å gje elevane motiverande småskrivingsoppgåver på nynorsk med utgangspunkt i tema som mange ungdomar er opptekne av, nemleg venskap, forelsking og gode kjensler.  

I presentasjonen har vi samla eit utval av ulike skriveoppgåver som elevane kan velje mellom. I starten av presentasjonen finn du to korte filmar med tilhøyrande samtalespørsmål som kan brukast som ein felles introduksjon av temaet vennskap og kjærleik. Vel den filmen du opplever som mest relevant for elevgruppa di. Etter felles introduksjon og samtale kan elevane få kvar sin kopi av presentasjonen, få velje mellom ulike oppgåver og skrive direkte inn i han. 

Minn elevane på å bruke ordboka aktivt i arbeidet. Sjølv om dette er småskrivingsoppgåver som ikkje legg opp til lærarvurdering, kan det gje elevane ei verdfull og positiv erfaring med å skrive nynorsk.  

Nokre av oppgåvene i opplegget er baserte på Kjærleik og vennskap på nynorsk  av Amalia Ardelean, Sandvika videregående skole.