Kjærleik og vennskap på nynorsk 

eit undervisningsopplegg av Amalia Ardelean, Sandvika videregående skole

Bruk valentinsdagen som utgangspunkt, og la elevane arbeide med temaet kjærleik og vennskap. I dette undervisningsopplegget finn du forslag til ulike måtar å arbeide med tematikken på, både skriftleg og munnleg. Du kan velje ut eitt av opplegga eller arbeide med dei i samanheng.

I undervisningsopplegget finn du desse oppgåvene:

Oppgåve 1: Omsetjing av ord frå bokmål til nynorsk. Tips: Bygg inn ei undervisningsøkt der de repeterer forskjellen mellom svake og sterke verb. La elevane lage sine eigne bøyingsskjema.

Oppgåve 2: Filmen Paperman (Walt Disney) og kjente par  

Oppgåve 3: Ordtak på nynorsk 

Oppgåve 4: Kjærleikssongar og gjendikting 

Oppgåve 5: Planlegg ein valentinsdag utan like  

Oppgåve 6: Kjærleiken og kunsten 

Valentinsdag
Illustrasjon laga med kunstig intelligens.

Valentinsdagen

Valentinsdagen, eller kjærleiksdagen, er 14. februar, og blir gjerne feira med å gi ei gåve, sjokolade eller eit kort til den utvalde. I dei seinare åra har det vore populært å sende tekstmeldingar eller bildemeldingar på valentinsdagen. Feiringsskikken tok til på slutten av 1500-talet og har truleg opphav i folketrua om at fuglane begynte å pare seg denne dagen.  

Oppvarming

Legg ut svar (på felles Padlet eller liknande) på følgjande spørsmål: 

  1.  Kva er kjærleik for deg? Prøv å gi kreative svar. 
    Eks: Kjærleik er å få det siste kakestykket av systera mi.  
  2. Kor viktig er vennskap for deg? Korleis bør ein god venn vere? Kva for eigenskapar bør han/ho ha?  Eks: Ein god venn bør ... Skriv nokre setningar om kva du set pris på ved ein god venn. 

Oppgåve 1: Omsetjing av ord frå bokmål til nynorsk 

Her er nokre verb, substantiv og uttrykk som har med vennskap og kjærleik å gjere. Finn ut kva dei heiter på nynorsk. Bøy verba i presens, preteritum og perfektum, og substantiva i eintal og fleirtal osb. Kva for verb er sterke, kva for verb er svake? 

  • kjærlighet 
  • en kjæreste, kjærester 
  • å være venner 
  • å være, er, var, har vært 
  • å elske, elsker, elsket, har elsket 
  • å savne, savner, savnet, har savnet 
  • umulig / forbudt kjærlighet  
  • å forby, forbyr, forbydde, har forbydd 
  • en kjærlighetshistorie 
  • en gave, gaven, gaver, gavene 
  • en romantisk melding, den romantiske meldingen, romantiske meldinger, de romantiske meldingene 
  • et kjærlighetsbrev, kjærlighetsbrevene 
  • et håp om kjærlighet 
  • å bli forelsket 
  • jeg elsker deg  
  • jeg savner deg  
  • et hjerte 

Legg gjerne til ord som høyrer til temaet kjærleik/vennskap. Det kan vere verb, substantiv, adjektiv, diverse uttrykk osb. Lag setningar med nokre av desse orda frå lista.  

Oppgåve 2: Kort film (Walt Disney) og kjente par  

Sjå på denne kortfilmen: Walt Disney: Paperman

  1.  Kva er det som skjer i denne filmen? Beskriv hovudpersonane og kjærleikshistoria deira. Er dette eit eksempel på umogleg kjærleik, eller det motsette? Korleis definerer de umogleg kjærleik?  
  2. Kjenner de til nokon kjende par – frå det verkelege livet eller frå film/litteratur? Kva for kjærleikshistorie er det mellom dei? Når blei dei eit par? Kva er historia deira? 

Lag ein kort presentasjon av kvart par (på felles Padlet, til dømes).  

Eks.: Jean Paul Sartre og Simone de Beauvoir, Romeo og Julie, Beyoncé og Jay-Z, Kristin Lavransdatter og Erlend, Tristan og Isolde, Noora og William, Isak og Even, Camilla Collett og Welhaven, Kim Kardashian og Kanye West, éitt av para frå Parterapi eller andre kjente par. Legg fram presentasjonane for kvarandre munnleg.

Oppgåve 3: Ordtak på nynorsk

Finn nokre ordtak om kjærleik. Set dei om til nynorsk. Kva for ordtak likar du best? Kvifor? Fortel om ordtaka til læringsvennen din.

Kjelde: Kjente sitater og ordtak som inneholder temaet Kjærlighet

Oppgåve 4: Kjærleikssongar og gjendikting 

Kjenner de til nokon fine kjærleikssongar på norsk eller engelsk? Kva for songar? Kva handlar dei om? Legg ut eksempel på felles Padlet.  

Skriv kort om kvar song (tittel, tema, hovudsymbol, kva du likar best ved denne songen m.m.).  

Viss du vel ein song på engelsk, bokmål eller dialekt, set du om teksten til nynorsk (minst to strofer). Kva språk synest du fungerer best? Grunngi svaret ditt. 

Oppgåve 5: Planlegg ein valentinsdag utan like  

Du skal overraske kjærasten din / vennen din med ein romantisk/vennskapeleg brunsj eller middag hos deg. 

Planlegg menyen. Finn oppskrifter som du kan bruke (helst oppskrifter på nynorsk). Set opp ei handleliste på nynorsk. Kanskje du vil lage lammefrikassé? :) Lammefrikassé (NRK Mat) og Panna cotta til dessert? Panna cotta med lime (NRK Mat)

Eller så kan du titte på Meny si nettside og setje desse oppskriftene om til nynorsk. https://meny.no/tema/anledninger/valentinsdagen/romantisk-middag/. Kva vel du å lage? Kvifor?  

Tenk også på kva spesiell merksemd du kan gi han eller ho. Skriv til dømes eit dikt, eit brev eller eit kort (på nynorsk) kor du fortel kor viktig vedkommande er for deg. Lag eller finn ein illustrasjon som passar til. (Prøv gjerne med kunstig intelligens, www.stablediffusionweb.com.) 

Munch kyss
Munch: Kyss. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Oppgåve 6: Kjærleiken og kunsten 

Kjenner du til nokon kjende måleri som viser par som kysser eller viser kjærleik overfor kvarandre på ein annan måte? Vel to av desse måleria, og skriv ein tekst som skal introdusere kunstverka for andre ungdomar. I teksten må du skildre motiva, fargane osb., og samanlikne dei. Kva er likt, kva er ulikt? Kva for måleri likar du best? Kvifor? Tenk deg at teksten skal publiserast i eit kunstmagasin for ungdom.  

Nokre forslag: