Kvinnedagen – ein dag for historisk medvit og engasjement!
Å skape historisk medvit er eit viktig mål med opplæringa. Kvifor vi feirar kvinnedagen, og kvifor likestilling er ein viktig verdi i eit demokrati, gjev gode inngangar til arbeidet. Gjennom opplegget skal elevane setje seg inn i kvifor likestilling som demokratisk verdi er under press, og sjølv ta stilling til kva som kan gjerast for å fremje likestilling i samfunnet vårt.
Ved hjelp av småskriving, samarbeidsoppgåver, arbeid med NRK-klipp og gruppepresentasjonar får elevane både aktivere forkunnskap, hente ut og strukturere informasjon og setje aktuelle problemstillingar inn i ein større samfunnskontekst.
Undervisingsopplegget inneheld to større skriveoppgåver. I den første oppgåva skal elevane presentere forskingsfunn, gjere greie for forklaringar og reflektere over korleis manglande historisk medvit kan truge demokratiet. Arbeidet blir vidareført i ein utforskande temasamtale, slik at elevane får bruke og utvikle kunnskapen sin i ein ny kontekst. I den andre skriveoppgåva skal elevane skrive ein informativ tekst om ei føregangskvinne og reflektere over kvifor kvinner har fått mindre plass i historieskrivinga.
Alle oppgåvene er samla i ein presentasjon, så dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. Du kan velje å byggje arbeidet ut eller inn etter eige ønske. Presentasjonen finn du her.
Ressursar som er nytta i opplegget
Slik legg du til rette for god nynorskopplæring
Nynorsk i meiningsfulle kontekstar
Elevane treng mengdetrening i å lese og skrive nynorsk i meiningsfulle kontekstar, og i dette undervisingsopplegget får elevane gjere nettopp det. Ved å integrere nynorsk som ein naturleg del av det norskfaglege arbeidet blir nynorsk eit språk elevane både kan reflektere og uttrykke seg i – i ein større fagleg kontekst.
Eksplisitte språkopplæringsøkter i tilknyting til skrivinga
Bygg inn eksplisitte språkopplæringsøkter i tilknyting til ei eller fleire av skriveoppgåvene. Går elevane i åttande klasse og har nynorsk som sidemål, kan dei ha hovudvekt på å finne nokre typiske kjenneteikn på nynorsk skrivemåte og kanskje særskilt fokusere på verbbøying. Er elevane komne lenger i språkopplæringa, er det gjerne andre fokusområde som bør vektleggjast, men utnytt høvet til å knyte språklege øvingar tett til tekstane elevane faktisk arbeider med, slik at grammatikk og språkmedvit blir ein naturleg del av skriveprosessen.
Å setje ord på eiga læring og utvikling
Legg du opp til at skriveoppgåvene skal bli vurderte, er det nyttig å be elevane sjølve reflektere over kva dei opplever dei får godt til, og kva som er utfordrande i arbeidet med å formulere seg på nynorsk. Be dei også om å setje seg mål for korleis dei kan arbeide for å utvikle den nynorske språkkompetansen sin. Dette kan vere med på gje elevane eigarskap til den faglege utviklinga si, og ikkje minst til det språket dei skal lære å meistre
Støttestrukturar i skrivearbeidet
Bruk skriverammer og setningsstartar aktivt i skrivearbeidet, og modeller for elevane korleis ein god tekst, både språkleg og innhaldsmessig ser ut. Tips til skriverammer og setningsstartarar finn du her.