17. mai – ein folkefest for alle?

Flagg og blaa himmel
Kva symboliserer det norske flagget?

Ei seks år gammal jente i Nordlandsbunad blir slått med ein paraply av ei dame 17. mai. Dama meiner jenta er respektlaus. Jenta har far frå Gambia, og er brun i huda. Ein flyktning frå eit krigsherja land kjøper eit flagg 17. mai. Ein ukjend person tek frå han flagget og spyttar han i andletet.

I Noreg feirar vi nasjonaldagen med skramlande barnetog og fargerike festdrakter. Dette står i sterk kontrast til rigide militærparadar, uniformer og våpen som pregar feiringar av nasjonaldagen i mange andre land. Barnetoget representerer uskuld, fredsemd og framtid. Vi kan også assosiere det med kvalitetar som mangfald, openheit og toleranse.

Sjølv om vi ofte omtalar desse verdiane som sentrale i det norske demokratiet, veit vi at menneske i Noreg kjenner på utanforskap på grunn av hudfarge og etnisitet. Tekstane elevane skal lese her, handlar om den brune, seks år gamle jenta i bunad og flyktningen frå det krigsherja landet. Både tekstane og oppgåvene opnar opp for samtalar og refleksjonar om inkludering og rasisme, kva verdiar vi sjølve har, og kva verdiar vi ønskjer skal prege oss.

Elevane skal samanlikne hovudpersonane i dei to tekstane. Å samanlikne tekstar er eit kompetansemål i læreplanen. Oppgåvene i dette undervisningsopplegget leier elevane gjennom heile prosessen frå lesing, gjennom samtalar om likskapar og ulikskapar til skriving av ein ferdig, samanhengande tekst.

Undervisningsressursen har også eit språkleg element som legg opp til at elevane skal finne og skrive om ulikskapar mellom nynorsk og bokmål i eit lite tekstutdrag. Også her får elevane god hjelp til korleis dei kan gå fram for å skrive ein tekst som samanliknar dei to skriftspråka.

Undervisningsopplegget

Relevante læreplanmål

Fagrelevans og sentrale verdiar:

Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa skal gi elevane moglegheit til å reflektere over sentrale verdiar og moralske spørsmål og bidra til at dei får respekt for menneskeverdet og for naturen.

Tverrfaglege tema

Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir elevane innblikk i livssituasjonen og utfordringane til andre menneske. Dette kan bidra til at dei utviklar forståing, toleranse og respekt for synspunkta og perspektiva til andre menneske, og det kan leggje eit grunnlag for konstruktiv samhandling.

Kompetansemål etter 10. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere  over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
  • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid
  • utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge