Frå fjellvett til livsvett – å ta trygge vegval

Det bles lett. Himmelen er gråblå, og i lufta svirrar små vassdropar. Skia står ferdigsmurde inntil husveggen, og i sekken ligg matpakke, sjokolade og sitjeunderlag. I det du skal til å kneppe att jakka, tikkar det inn ei melding på telefonen.

Tekstmelding

Fjellvettreglane har eksistert i over 70 år, og har blitt delt og formidla gjennom fleire generasjonar. Den norske turistforeining (DNT) omtalar fjellvettreglane som norsk kulturarv, og skriv at det er reglar som for mange nordmenn har vore like viktige som dei ti bod. I 2016 vart fjellvettreglane moderniserte, slik at dei i større grad reflekterte den endra bruken av fjellet. Dei kvista løypene er bytte ut med toppturar og frikøyring i bratt terreng, og utstyret vi brukar, er meir avansert og teknologisk.

Om læringsressursen

Fjellvettreglane utgjer ni korte, men avgjerande reglar for korleis ein kan utfalde seg i naturen på ein trygg måte. Fjellvettreglane kan vere med på å førebyggje ulukker, og er difor viktige reglar som elevane bør kjenne til. Sidan reglane er ein sentral referanse når det kjem til tur og friluftsliv, er det nødvendig at alle elevane veit kva reglane står for og viser til.

Gjennom å arbeide med læringsressursen skal elevane:

  • Få kjennskap til og forståing for fjellvettreglane
  • Reflektere over kva som er eit godt liv, og korleis ein kan gjere trygge vegval livet

I tillegg til å arbeide med dei ni fjellvettreglane, er det også ei målsetjing at elevane skal reflektere og diskutere om det er mogleg å utforme ni livsvettreglar – reglar for korleis å leve eit godt liv. Arbeidet med livsvettreglane opnar opp for ein større refleksjon kring kva som bør liggje til grunn for vegvala ein tek, ikkje berre i fjellet, men også i livet.

Den overordna målsetjinga med arbeidet er å få elevane til å reflektere over kva slags livsval som fremmar god psykisk og fysisk helse, jamfør målsetjingane i det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring i LK20. «Livsmeistring dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betydning for meistring av eige liv.»

Tidsramma for arbeidet er tre timar, men oppgåva kan enkelt kortast ned om ein ønskjer det.

Læringsressursen er organisert gjennom ulike diskusjonsspørsmål og småoppgåver som du finn her:

Her finn du eit arbeidsark med fjellvettreglane og ramme for livsvettreglane.

Kjelder

Fjellvettregler for en ny tid: https://www.dnt.no/artikler/nyheter/3597-fjellvettregler-for-en-ny-tid/