Det året eg vakna – tverrfagleg arbeid om natur, språk og klima

Dette undervisingsopplegget tek utgangspunkt i utvalde tekstar frå Sigri Sandberg si bok Det året eg vakna – Kva skjer med naturen og oss? (2025) Gjennom opplegget møter elevane tekstar som kombinerer personlege naturopplevingar med forsking og klimafakta. Arbeidet legg opp til at elevane både skal lese, skrive, utforske og skape – på tvers av fag. Dei får knyte eigne erfaringar med naturen til større spørsmål om klima og berekraft, og lære å setje ord på det dei ser og opplever.

Tverrfaglege oppgåver med rom for samarbeid

I opplegget får du tilgang til eit breitt utval oppgåver som kan brukast i norsk, naturfag, samfunnsfag og KRLE/RLE. Oppgåvetilfanget gir fleksibilitet, då læreplanmål i fleire fag kan nåast gjennom same opplegg. Bruk opplegget til å samarbeide på tvers av faggrensene, og del gjerne erfaringane de gjer dykk undervegs, med oss på Nynorsksenteret.

Kvifor er dette god nynorskopplæring?

Når nynorsk er det gjennomgåande arbeidsspråket i eit tverrfagleg prosjekt, får elevane sjå korleis språket fungerer som verktøy i mange ulike samanhengar. Dei les sakprosa, dikt og reportasjar, og dei skriv eigne tekstar i fleire sjangrar på nynorsk. Slik får dei både språkleg mengdetrening og erfaring med at nynorsk er eit naturleg bruksspråk, ikkje berre i norskfaget, men i alle fag.