Er jorda deilig? Eit undervisingsopplegg om verdshåp og språk

Kule Ikon

Visste du at Fager er jorda / Deilig er jorden eigentleg er ein protestsong? 

I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med NRK-artikkelen «Er jorda deilig? Ein av våre mest kjende salmar vart skriven under ein blodig krig» og sjølve lage ein presentasjon der dei formidlar bodskapen i songen på sin eigen måte. 

Du finn også ei lengre skriveoppgåve der elevane, med utgangspunkt i dei ulike salmeversjonane, skal samanlikne språka og reflektere over korleis ulike språklege val speglar språksamfunnet vårt. 

Samanlikningsoppgåve: Fager er jorda /  Deilig er jorden (Word-dokument)

Forankring i læreplanen

Opplegget er forankra i fleire av kjerneelementa i norskfaget. Elevane ser songen i ein historisk samanheng (tekst i kontekst), samtalar om tekstane og formidlar ein bodskap (munnleg kommunikasjon). Dei skriv eigne refleksjonar og lagar multimodal tekst (skriftleg tekstskaping). Dei samanliknar språkformer (språket som system og moglegheit) og reflekterer over korleis bokmål og nynorsk speglar det språklege mangfaldet. 

Bruk ein kjend song til å utforske språk og samtid

Bruk førjulstida i klasserommet til å arbeide med ein song dei fleste av elevane kjenner til, og bruk han som eit utgangspunkt for historisk og språkleg utforsking. Slik gjer ein arbeidet med å lese og skrive nynorsk til ein del av eit større meiningsfullt arbeid.

God førjulstid i klasserommet!