Engasjer lesekurs
Engasjer lesekurs er utvikla for elevar på mellomtrinnet som strevar med lesing. Gjennom kurset vil elevane lære seg god leseflyt og ulike lesestrategiar for å kunne forstå innhaldet og tekstane dei les. Kurset finst på nynorsk.

Lesekurset er utvikla av lærarar og forskarar ved Lesesenteret som ein del av forskingsprosjektet Engasjer. Nynorsksenteret har omsett og tilpassa Engasjer til nynorsk.
Målet med kurset er at elevane utviklar lesekompetansen, slik at dei får føresetnader og verktøy til å engasjere seg i lesing og tekstarbeid. Elevane arbeider med engasjerande tekstar, leseflyt og dei fire lesestrategiane føregripe, oppklare, stille spørsmål og oppsummere.
Kurset er organisert i fem aktuelle, tverrfaglege tema (minikurs). Til kvart tema finn du elevhefte og lærarrettleiing. Elevane arbeider med å drøfte og svare på ulike problemstillingar til kvart tema, til dømes «Er det plass til alle på jorda?» eller «Kven bestemmer?».
Kvart tema har 12 økter, og tanken er at ein kan gjennomføre eit kurs på fire veker. Kvar økt inneheld høgtlesing, rettleidd lesing og/eller repetert lesing. Nokre økter har også minileksjonar som gir eksplisitt opplæring i lesestrategiar og leseflyt.
I elevhefta finn du tekstutdrag og tekstar som er spesialskrivne for lesekurset. I hefta finn du også kjekke, varierte og lærerike oppgåver til kvar leseøkt. Lærarrettleiinga er ein steg-for-steg-manual som leier deg og elevane gjennom øktene. Her finn du informasjon om måla for øktene, innhald, samtalespørsmål og tydelege instruksjonar for oppgåver og leksjonar.
Ein del av tekstane elevane skal lese, er eit utval heile bøker. For elevane med nynorsk som hovudmål er dette nyare, nynorske barne- og ungdomsbøker. Denne litteraturen må skulane sjølve skaffe. Her finn du lista over litteratur til Engsjer lesekurs på nynorsk.
Arbeidet med Engasjer lesekurs eignar seg best i mindre grupper på om lag fem elevar.
I haust skal alle barneskular som er registrerte med nynorsk som hovudmål, få ein komplett prøvepakke av Engasjer lesekurs. Det vil seie eit sett med lærarrettleiing og fem nynorske elevhefte.
Sentrale element i lesekurset
Tekstar
Tekstane spelar ei viktig rolle i Engasjer lesekurs, og vi har lagt stor vekt på å velje tekstar i ulike sjangrar som engasjerer elevane. Kortare tekstar finn de i elevhefta, medan heile bøker må skulen skaffe sjølve. Det er lagt opp til at kvar elev har sitt eige eksemplar av bøkene frå litteraturlista.
Leseflyt
God leseflyt er viktig for leseforståinga, og å lese med flyt handlar om å lese på ein måte som får fram meininga i det ein les. I Engasjer lesekurs lærer elevane kva det vil seie å lese med flyt. Læraren modellerer god leseflyt, og elevane trener på å lese med flyt på ulike måtar: Dei skal lese orda riktig, kople saman ord til lengre frasar, forstå og bruke skiljeteikn, lese med innleving og lese med passe tempo. Nokre elevar tenker gjerne at å lese med flyt er å lese fort. I Engasjer lesekurs legg vi ikkje vekt på tid når vi arbeider med leseflyt.
Lesestrategiar
Lesestrategiar støttar leseforståinga. Dei hjelper lesaren å vere oppmerksam og søke meining aktivt når han les. I Engasjer lesekurs arbeider vi med fire lesestrategiar: føregripe, stille spørsmål, oppklare og oppsummere. Elevane skal lære kvifor dei fire lesestrategiane kan hjelpe dei å forstå betre, korleis dei skal bruke dei, og når det er lurt å bruke dei.
Kvifor Engasjer?
Elevar som strevar med lesing, utviklar ofte ein passiv lesestil. Denne lesestilen må vi utfordre dersom elevane skal bli aktive lesarar. Med aktive lesarar meiner vi lesarar som koplar seg på og held fram å aktivt involvere seg i lesing og læring saman med medelevar og lærarar. Ein føresetnad for leseengasjement er at elevane veit kva som er lurt å gjere for å forstå tekstane dei les.
Ein engasjert lesar er altså ein aktiv lesar. Motsetninga er ein uengasjert og passiv lesar. Ein uengasjert lesar startar å lese utan å tenke på kva hen skal lese, eller kvifor. Hen legg heller ikkje alltid merke til om han forstår, eller kva hen forstår. Ofte vil ein tenke at lesinga er over når ein har lese alle orda i teksten.
Engasjerte lesarar har god leseforståing fordi dei er opptekne av kva teksten handlar om. Den engasjerte lesaren brukar relevante strategiar dersom dei støyter på problem, knyt det dei les, saman med det dei kan frå før, og samarbeider med medelevar og lærar om å skape meining i teksten.
Engasjer lesekurs legg vekt på eksplisitt undervisning i leseflyt og lesestrategiar. Dialogar om eiga lesing og læring står sentralt. Måler er å gi elevane føresetnader for å kunne engasjere seg i lesing og tekstarbeid.
Engasjer lesekurs del 1:
Engasjer lesekurs del 2:
Slik brukar du Engasjer lesekurs (nettseminar på nettsida til Nasjonalt lesesenter)
Her kan du lese meir om forskingsprosjektet Engasjer og bestille fleire elevhefte: