Ytring: Skam om 17. mai og overgrep
26.05.2016
Chris, Eva, Noora, Vilde og Sana på veg inn på valdtektsmottaket på nasjonaldagen. (Foto: NRK)
Skam har vist at jenteseriar kan vere kvalitetsseriar, både når det gjeld innhald og form.
Tekst: Marit Brekke
Det er mange av oss som syng «Fagert er landet» av Anders Hovden på 17. mai. Det er ein vakker salme. Bjørka sprett, bunadssølja klirrar på bunadsbrystet og kvitveisen strekkjer seg mot sola. Flagga veivar i vinden. Vakre mai. Månaden då fridom, demokrati og individrettar vert feira. I løpet av nasjonaldagen må dei av oss som følgjer med på Skam, innom for å sjå korleis jentene i Skam feirar 17. mai. Jammen har dei ikkje brukt Fagert er landet, der òg!
Men der stoppar likskapane. For i scena som heiter «17. mai», har salmen til Hovden vorte brukt på ein uventa måte. Serieskaparane har valt «Fagert er landet» som lydspor når jentene dreg til legen for å undersøkje om Noora har vorte valdteken. Desse koplingane er så uventa, men samstundes så viktige at dei skapar debatt. Det fagre i denne sekvensen er at Noora som offer søkjer hjelp og får støtte av venninnene sine. Det fagre vert at Noreg skal vere eit land der offer både kan få hjelp og får hjelp. Koplinga mellom den undertrykkinga Noora har erfart, og feiringa på nasjonaldagen understrekar at feiringa handlar om demokratiske rettar, og det er desse rettane som frigjer Noora. Ho går frå å vere passiv og sårbar til å få hjelp til å ta tilbake kontrollen over eige liv, og ho gjer det ho kan for å kome seg vidare i livet sitt.
Skam er ein serie som har tatt Noreg med storm. Det finst mange årsaker til det. Serieskapar Julie Andem har reist land og strand rundt i Noreg for å intervjue 16 år gamle jenter om livet deira. Andem vil skape ein realistisk serie som jenter i denne aldersgruppa kjenner seg att i, og det har ho klart. Ei mengd facebook-sider finst, ei offisiell med 40 000 medlemmer, andre facebook-sider med 5 000–10 000 medlemmer. Jenter skriv om serien på bloggane sine, på chat, dei skriv fanfiction og analyserer episodar. Men serien har også eit langt større og breiare publikum. Mange er opptekne av problemstillingane serien tek opp, og dei er ikkje reint få. For Skam er ein serie som er ambisiøs.
I sesong to har vi følgt kjærleiksforholdet som har utvikla seg mellom Noora og William, og dette er hovudforteljinga i sesongen. Men samstundes har veninneforhold, det å halde fast ved verdiane sine, foreldre–barn-problematikk, søskenforhold, det å insistere på eit sosial samvett, og sist, men ikkje minst, det å verte utsett for seksuelle overgrep vorte tematisert. Skam er ein politisk serie, og det er kanskje den viktigaste og mest interessante bodskapen i serien. Han vågar å meine noko om feminisme, innvandring, hat, sosialt ansvar m.m., og det er flott. Seriar som har ein bodskap trengst i floraen av ungdomsseriar der innhaldet har hatt ein tendens til å vere tamt og døvt og åndssløvt i staden for skjerpande og debatterande. Og Skam tek opp desse temaa utan å vere moraliserande. Serien har likevel gode råd, til dømes når Vilde seier at ein må gå til lege med ein gong ein har opplevd eit seksuelt overgrep. Eller når jentene har 17. mai-frukost og Eva les artikkelen som Noora (og William) skreiv i Aftenposten og minner jentene på kor viktig det er å vere inkluderande i eit demokrati: «Så for denne dagen, da vi feirer grunnloven vår, skal vi huske hva vi feirer. For viss vi tror på de verdiene den er bygget på, viss vi er enig i ideen om at alle mennesker skal være frie, og ha like rettigheter, er det ikke da vårt ansvar å kjempe for å bevare de verdiene? For alle mennesker? Og da er det jo egentlig ikke det å åpne døren for fremmede som truer våre verdier, men det er det å ikke åpne døren for de. Vi lever i samfunn fordi vi trenger hverandre. Mennesker trenger mennesker.»
Ein kan kanskje hevde at Skam er ein jenteserie, og at jenteseriar kanskje er snevre fordi den andre halvdelen av menneskeheita, gutane, er mindre interessante for serieskaparane? Eg tenkjer at det er viktig at jenter og jenteproblematikk vert tatt opp breitt i klasserommet. Det er på tide at debatten kjem inn i klasseromma att, og at ungdommen engasjerer seg i dei problemstillingane serien tek opp. Eg trur også at mange gutar følgjer med på serien og har meiningar om dei emna serien tek opp. Skam har vist at jenteseriar kan vere kvalitetsseriar, både når det gjeld innhald og form.
Manusforfattar og regissør Julie Andem er kanskje ein ny form for forfattar. Ho skriv i manus, og ho har regiansvar og overfører ideane sine frå skrift og inn i scener som vert publiserte så godt som kvar vekedag på nettstaden til Skam. Ho brukar fleire medium, blant anna instagram og fiktive facebook-sider som er oppretta for kvar av karakterane i serien. Slik vert forteljingane som ein kan lese i desse mediekanalane, tilleggshistorier som fyller ut og kommenterer det som skjer i scenene. Andem når ungdommen der ungdommen er, for mange ungdommar ser ikkje film lenger, dei ser seriar, eller korte klipp på youtube. Dei kommuniserer på chatt, og bilde legg dei helst ut på instagram eller snapchat. Dette veit skaparane av Skam, og brukar denne kunnskapen for å skape eit kommunikativt univers som ungdommen kjenner seg att i og brukar. Den tredje veka i mai hadde serien 960 000 unike brukarar som klikka seg inn på nettstaden for å følgje klippa. Serien er ein av få seriar som er ein felles kulturell referanse for ungdom, og bør derfor vere eit godt utgangspunkt for samtalar og diskusjonar i klasserommet. Og sjølv om ein kanskje kan hevde at serien er eit fenomen akkurat no, tek den opp allmennmenneskelege problemstillingar og koplar eksistensielle spørsmål som vert sett i lys av vår samtid. Salmen til Hovden vert ein kommentar til Noora sitt eige frigjeringsprosjekt, og serieskaparane understrekar på denne måten at eit samfunn som vernar einskildindividet, er eit viktig symbol på fridom i dag.