Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Forankring og avløysing
– samspelet mellom skrift og bilete

Av Arild Torvund Olsen

I den klassiske artikkelen «Bildets retorikk» skriv semiologen Roland Barthes om omgrepa forankring og avløysing. Desse omgrepa er godt eigna når du skal sjå på samspelet mellom skrift og bilete i ein teikneserie. Dersom skrifta skil ut og framhevar ei av dei mange moglege tolkingane av eit bilete, kan me seia at ho forankrar biletet. Det kan òg vera andre vegen, altså at biletet forankrar skrifta. Forankring er med andre ord ei avgrensing av talet på moglege tolkingar. Det motsette, når me til dømes opplever at skrifta fortel noko som ikkje finst i biletet, slik at ho tilfører noko nytt til heilskapen, kallar me for avløysing.

Redundans og samspel

I illustrerte barnebøker (i motsetnad til i biletbøker) er det ofte slik at illustrasjonane berre er der for å forankra skrift som i utgangspunktet er lett å tolka (til dømes at teksten er «Lisa smiler» og at biletet syner Lisa som smiler). Slike former for samansette tekstar gjer at eldre og meir røynde lesarar får kjensla av å få servert den same informasjonen to gonger, og me får det som gjerne vert kalla for redundans. I teikneseriar er det vanleg at det er mindre redundans. Skrifta og bileta kjem båe med ny informasjon, og den eine påverkar korleis me tolkar den andre, slik at skrifta og bileta både forankrar og avløyser kvarandre.

Det finst teikneseriar utan skrift (t.d. nokre av einsidarane i serien Skulen), men det mest vanlege er at historiene vert fortalde gjennom ein kombinasjon av skrift og bilete. Det varierer gjerne kva for eitt av dei to elementa som spelar «hovudrolla». I ein serie som På kloden er det skrifta som har hovudmengda av informasjonen, medan det i «Song til ein orm» er bileta som driv handlinga fram. I båe døma er det likevel gjennom samspelet mellom skrifta og bileta at den heilskaplege forteljinga stig fram. Korleis skrifta ser ut, kan òg ha eit tydingsinnhald. Stor skrift kan nyttast for å illustrera roping, medan lita skrift kan illustrera kviskring. I teikneserien Skammekroken av Jens K. Styve snakkar bestemora i serien med snirklete lykkjeskrift. Slik understrekar Styve aldersskilnaden mellom bestemora og hovudpersonen, som snakkar med blokkbokstavar.

I artikkelen «Når bilde og tekst forteller sammen» skriv illustratøren Harald Nordberg, med utgangspunkt i biletbøker, om korleis han meiner skrift og bilete har ulike sterke sider og kan utfylla kvarande. Bileta kan til dømes koma med miljøskildringar og visuelle karakterskildringar på ein meir effektiv måte enn det skrifta kan. Skrifta er på si side meir eigna enn bileta til å skildra slikt som ikkje er synleg («Per var svolten»), komprimera eller utvida tid («nokre dagar seinare») og til å referera til ting som ligg utanfor biletet i tid eller rom («Mor hadde hatt ein travel dag på kontoret»). Nordberg peikar dessutan på eit felt der han meiner teikneseriane er flinkare til å utnytta det visuelle enn det biletbøkene er: «Ser vi på ikke-visuelle fenomener som lyder, lukter, tanker og direkte tale, vil også dette være tekstens domene. Tegneserier har utviklet et effektivt symbolsystem og en visuell fortellerteknikk for disse fenomenene. Men for bildebokas vedkommende kan det se ut til at den har avfunnet seg med å overlate disse områdene til teksten.» (Nordberg 2001, s. 64, i Nina Goga og Ingeborg Mjør (red.) Møte mellom ord og bilde.)

Kva som er domenet til skrifta og kva som er domenet til bileta, er likevel heile tida i endring i ulike medium. Dersom me til dømes ser på nyare biletbøker, særleg dei som er laga av biletbokskaparar som i tillegg er teikneserieskaparar, ser me at mange av dei har teke opp i seg teknikkar frå teikneserieverda. Eit døme på slik utveksling finn me i biletboka Elefanten Tommy av Øystein Runde, der Runde til dømes tek i bruk ei snakkeboble.

Det finst dessutan gode døme på at det i teikneseriemediet gjerne veks fram nye konvensjonar som kan utvida domenet til det visuelle. I biletet under, frå serien Paradis.no, ser me korleis Les Inkwell nyttar ein sterkt stilisert sveittedrope for å signalisera at personen «sveittar» (i overført tyding). Dette fenomenet, som er henta frå japansk teikneseriekultur, er eit godt døme på ein visuell konvensjon for å synleggjera noko som i utgangspunktet ikkje er synleg (til dømes at hovudpersonen er stressa).

Slik ser me at samspelet mellom skrift og bilete er i stadig utvikling.

Arild Torvund Olsen

Arild Torvund Olsen er tilsett ved Nynorsksenteret. Han har ein mastergrad i visuell kommunikasjon frå NTNU.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.