Ivar på vandring
Ivar Aasen (1813–1896) var språkforskar, og på den tida han laga nynorsken, hadde vi ikkje noko eige skriftspråk. Etter unionen med Danmark sat vi att med dansk som skriftspråk. Mange trudde at det norske språket hadde døydd ut, men Aasen kom fram til at det levde i beste velgåande i dei norske dialektene. Han laga så eit nytt norsk skriftspråk basert på dei norske formene han fann frå samtalar med folk over heile landet (Nygård & Sture, 2013).
No skal de vaksne prøve å framføre ei lita dramatisering der de får leike med språket, gå i roller og synge saman med barna. Dramatiseringa handlar om Ivar Aasen sine lange vandringar på jakt etter norske dialektar. De treng ein forteljar, ein som kan spele Ivar Aasen, og nokon som kan spele menneske frå ulike delar av landet. Ta gjerne i bruk dialektene til dei tilsette, og tilpass det slik at Ivar Aasen kjem innom stadene dei kjem frå. Det kan vidare vere fint med nokre rekvisittar, som ein sekk, hatt, stokk og pipe, som karakteren har på seg.
Dramatisering
Scene 1 – Ivar reiser ut
Forteljar:
For to hundre år sidan levde ein mann som vandra over fjell og gjennom bygder, i sol og i regn, for å samle inn og lytte til språk og dialektar. Denne mannen heitte … Ivar Aasen!
Ivar:
(kjem inn med ein liten sekk, ser ut som han er klar for lang tur)
Hei! Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt! No skal eg ut og høyre korleis folk snakkar rundt om i landet. La oss gå!
Scene 2 – mot nord
Forteljar:
Aasen gjekk mot nord, der vinden prøver å stikke av med lua di, men folk held på humøret – same kor mykje det blæs.
Nordlending:
Hei du! Kor du ska hen?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Nordlending:
(ler)
Æ e nordlending. Her kor æ bor, e det mykje vind og masse fine fjell. Artig å sjå deg! Du få nu berre gå videre og sammel meir språk!
Scene 3 - Trøndelag
Forteljar:
Så bar det sørover, inn i Trøndelag, der dialekten høyrest både triveleg og alvorleg ut – alt etter humøret.
Trønder:
Hei! Ka driv du på me?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Trønder:
Æ? Æ e no trønder! Æ kjæm frå Trøndelag, midt i landet. Du får ta me dæ litt trøndersk. Det e bra greier, ska æ si dæ.
Scene 4 – til Vestlandet
Forteljar:
Så kom han til Vestlandet, der fjella står som store ryggar, og folk er både sindige og sta.
Vestlending (t.d. sunnmøring):
Ken e du som kjem her og trampar?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Vestlending:
Ej? Ej kjem no herifrå, ja frå Sunnmøre. Her bur vi mellom høge fjell og djupe fjordar. Du e heilt velkomen hit!
Scene 5 – Bergen
Forteljar:
Og vidare sørover kom han til Bergen, ein by med svært trivelege folk, sjølv om det regnar mykje.
Bergensar:
Hallaien! Ka skjer? Kem e du?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Bergensar:
Eg? Eg e fra Bergen! Vi har fjell, sjø og mykkje regn – nokke for alle! Gøy å møte deg her!
Scene 6 - Sørlandet
Forteljar:
Frå regnbyen gjekk turen vidare til Sørlandet, der dialekten er mild – som ei sommarbølgje.
Sørlending:
Heia ... henne skal du hen?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Sørlending:
Æ e fra Sørlandet. Der he mi fine strende, sol og varme. Det var veldig koseli å møte dæ.
Scene 7 – Austlandet
Forteljar:
Til slutt kom han til Austlandet, der folk høyrest glade ut. Det er nesten som om dei syng litt – sjølv når dei seier noko trist.
Austlending:
Hei. Hvem er du?
Ivar:
Eg er Ivar Aasen, og eg elskar språket vårt. Eg reiser for å lære korleis folk snakkar rundt om i landet. Kvar er du frå?
Austlending:
Jeg? Jeg kommer fra Østlandet. Der bor’e mange folk. Hyggelig å møte deg!
Scene 8 – Avslutning
Forteljar:
Og slik vandra Ivar vidare – frå by til bygd, frå ord til ord. Han samla språk som andre samlar på skattar. Til slutt hadde han nok til å skape noko heilt nytt: eit skriftspråk som bygde på talemåla i heile landet, som vi i dag kjenner som NYNORSK.
Ivar:
(ser utover)
Ja, dette språket vårt … det er no mangt og mykje.
Og eg – eg elskar det framleis.
(Ivar avsluttar med å syngje Nordmannen https://www.lurivar.no/songbok/deg-og-meg/)
Dramatisering saman med barna
Etter framsyninga kan barna få vere med på å skape nokre karakterar. Ta i bruk rekvisittane som de brukte under dramatiseringa, som sekk, stokk, hatt og pipe. La barna velje seg ein rekvisitt og lage ei rolle. Kven er du? Korleis beveger du deg i denne rolla? Kva seier du? Kva gjer du?
Rekvisittar for eit liv
Då Ivar Aasen døydde i 1896, arva slekta hans på Sunnmøre alt som var att etter han. Om vi held dei 2500 bøkene utanfor, var det 225 gjenstandar som vart sende frå Kristiania til Hovdebygda etter Aasens død. Dette var stort sett praktiske og nødvendige ting som var ein del av kvardagen til Ivar Aasen. Desse gjenstandane kan fortelje noko om tida mannen levde i, og dei kan fortelje mykje om mannen som eigde dei. https://www.allmenning.no/rekvisittar/
Finn fram gjenstandar som liknar på nokre av rekvisittane til Ivar Aasen, eller vurder om de skal klippe ut og eventuelt laminere bileta av dei 20 rekvisittane frå livet til Ivar Aasen. Vel dei rekvisittane som barna har høve til å kjenne igjen. Om barna er usikre på kva ein av gjenstandane er, kan det vere spennande å la dei gjette kva dei trur gjenstanden kan brukast til, før du seier det. Du finn bileta her: https://www.allmenning.no/rekvisittar/
Bruk rekvisittane til å gjennomføre Kims leik. Dette er ein leik der barna skal studere ei viss mengd ulike gjenstandar ei kort tid. Til dømes i 1–2 minutt. De kan sjølv velje kor mange bilete som skal vere i spel. Barna skal deretter prøve å hugse så mange av bileta som mogleg. Det er fleire måtar å teste barna på. De kan la bileta ligge på golvet medan barna studerer dei. Be barna lukke auga etter 1–2 minutt. Fjern deretter nokre av bileta. Når barna let opp auga igjen, skal dei prøve å finne ut kva for nokre bilete som er fjerna. Ein annan måte er å legge eit teppe over bileta etter at barna har studert dei. Deretter skal barna prøve å hugse kva som ligg under.
Kjelde
Nygård, J. & sture, V. (2013). Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta. Det Norske Samlaget.