Bok på 1-2-3: God dag, vesle gris

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk, KRLE og musikk med tema vennskap. 

Tid: 90 minutt 

Klassikarar i Bok på 1-2-3: Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa. Mange barn som høyrer om dei to gode vennene i huset ved elva, vil berre høyre meir og meir. 

Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Og dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei så sterke. Mange andre venner har dei også, og eit koseleg lite hus ved elva. 

Men kva skjer med vennskapet til den vesle bjørnen og den vesle tigeren når den vesle grisen kjem inn i liva deira og freistar med leik utan ansvar og å ete deig rett frå bollen? 

Boka

Janosch: God dag, vesle gris

Ekstra ressursar

Eg treng deg og du treng meg av Lars Mæhle og Beate S. Lech.