Bok på 1-2-3: Grashoppa og moldvarpen
Grashoppa og moldvarpen av Janosch
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk og musikk, med tema folkehelse og livsmeistring.
Tid: 90 minutt
Klassikarar i Bok på 1-2-3: Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa.
Dette er forteljinga om då grashoppa trong ly for vinteren.
Utstyr og førebuing:
- Kople opp pc med tilgang til nett og prosjektor.
- Finne fram boka til storskjerm, eller bruke eit fysisk eksemplar.
- Analoge skrivesaker og teiknesaker og/eller nettbrett.
- Tid og rom til songdans og leik.
Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket: Grashoppa og moldvarpen