Bok på 1-2-3: Oskar og eg
Furuhytta
Eller: Når det er regn og noko ser annleis ut enn før
Frå boka Oskar og eg. Alle plassane vi er av Maria Parr, illustrert av Åshild Irgens.
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk og kunst og handverk med tema folkehelse og livsmeistring. Musikk og uteskule er valfrie tilleggsressursar.
Tid: 90 minutt
Om boka og utdraget
I Oskar og eg møter vi storesøster Ida på åtte år og veslebror Oskar på fem. Det er Ida som fortel historia frå oppveksten, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Boka handlar om å vekse og meistre nye ting, og likevel vere liten innimellom. Ho handlar om alle dei plassane vi er, leik på lat og på ekte, lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola, forsvunne vampyrar i haustmørket, cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om melis og mold, forandring og sakn. Og om hytter som er mindre enn ein hugsa.
Kvart kapittel er ei forteljing i seg sjølv, og i dette undervisningsopplegget tek vi utgangspunkt i kapittelet Furuhytta. Eller: Når det er regn og noko ser annleis ut enn før. Her møter vi Oskar og Ida som kjedar seg på ein regnvêrsdag i sommarferien. Dei får med den eldre vennen Arvid for å leike i Ida og Arvid si gamle furuhytte i skogen. Men er ikkje hytta veldig annleis, undrar Ida? Dette er eit kapittel om verdien av søsken, venner, leiken, og å leve vidare etter å ha mista nokon ein er glad i.
Utdraget
Ekstra ressursar
