Bok på 1-2-3: Ylva og villgeitene
Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk og naturfag for 1.–4. trinnet.
Tid: 90 minutt
Ylva og villgeitene av Hilde Myklebust og Akin Duzakin er ei biletbok om Ylva og pappa som er på veg til sommarhuset ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna. Ylva er ei handlekraftig jente som liker og kan å røre seg i naturen. Ho veit kva som er viktig for ho. Då ho leikar i trea og på slettene ved sommarhuset, oppdagar ho noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?
Sjå eit utdrag frå boka på Issuu: Ylva og villgeitene.