Diftongar

Diftongar
Reiv eller rev? Med eller utan diftong?

Ein relativt systematisk skilnad mellom nynorsk og bokmål er at nynorsk har diftong i mange ord der bokmål brukar ein enkel vokal, til dømes skriv ein «øyre» på nynorsk og «øre» på bokmål. Å arbeide komparativt med slike ord på bokmål og nynorsk er nyttig både for nynorsk- og bokmålselevar.

Her finn du eit øvingsark der elevane kan arbeide med diftongar. På det tilhøyrande lærararket finn du fasit og instruksjonar.