• Blogg
  • 6 grunnar til å lese for borna

6 grunnar til å lese for borna

06.01.2016

Mg 1553

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

Born møter skulen med ulike leseerfaringar, og frå dei er små vert vi oppmoda om å lese med borna. Her er nokre av grunnane til kvifor ein bør lese i lag med born.

  • Lære om andre
    «Å lese er ei trening i å leve», seier forfattar Erna Osland så treffande til bladet Nynorskopplæring. Gjennom forteljingar og historier kan ein leve seg inn i ei anna verd og bli kjent med andre menneske og deira tankar og meiningar. Med ei god bok i fanget kan ein fantasere og skape eigne bilete av teksten og historia.
  • Lesevanar i heimen
    Born som vert lesne høgt for frå dei er små, får eit godt utgangspunkt for utvikling av språk-, lese- og skriveferdigheiter. (forskning.no)

    Rike erfaringar med forteljing, høgtlesing, song og regler kjem språkutviklinga til gode. Det er store ulikskapar i kva bokleg miljø borna møter heime. Ikkje alle foreldre les bøker saman med borna. I Sverige viser ei stor leseundersøking at talet på foreldre som les for borna om kvelden er halvert. Då er det viktig at barnehagane gjev borna eit godt lesegrunnlag. Det beste er sjølvsagt om både barnehagane og foreldra les for borna.

  • Bøker stimulerer ordforrådet
    Bruk av bøker og litteratur er ein sentral del av arbeidet med språkstimulering i barnehagen. Gjennom bøkene møter ein eit språk som er rikare og meir variert enn kvardagsspråket. Lesing utviklar ordforrådet og språkkjensla til barnet. Vi les, ser på bilete, den vaksne forklarar, og gradvis vert barnet si forståing utvida. Ordforrådet til ein 6-åring har betydning for seinare leseforståing. Har ein eit rikt ordforråd som 6-åring, syner undersøkingar at ein også får god leseforståing som tolvåring.
  • Trygg på nynorsk
    Born i område med nynorsk som hovudmål treng å møte det nynorske skriftspråket for å bli trygge nynorskbrukarar sjølve. Born møter nynorsk tekst gjennom øyra, så ved å vere særleg merksame på å lese nynorske bøker og å lese teksten slik han står, i staden for å til dømes omsetje til dialekt, kan ein bidra til at born får møte det nynorske skriftbiletet. (Åtte innspel for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen)
  • Felles referanse
    Det er viktig å lese for opplevinga sin del, for fellesskapet og for felles kulturelle referanserammer. Gjennom litteraturen får ein tilgang til ein lese- og skriftkultur og til felles opplevingar knytte til litteraturen. Born tek med seg opplevingar frå leseaktivitetar inn i leiken, og slik kan litteraturen stimulere fantasien og vere eit viktig bidrag i den munnlege aktiviteten.
  • Gode leseopplevingar
    Å delta i leseaktivitetar er like viktig for dei yngste barnehageborna som for dei eldste. Les saman med alle borna og gi dei mange, varierte og gode språklege erfaringar. Ikkje vent til borna har eit godt språk før du startar å lese for dei, men les tidleg for dei, så får dei eit godt språk. Når eit barn opplever at det er godt å bli lesen for, vil barnet søkje bøker seinare. (lesesenteret.uis.no)