• Blogg
  • Arbeid med språklege ferdigheiter – i, på og om nynorsk

Arbeid med språklege ferdigheiter – i, på og om nynorsk

22.05.2018

Hege Schultz Eilertsen Svolvær 2

Tekst: Marit Wadsten
Foto: Hege Schultz Eilertsen

Korleis skal ein drive god nynorskundervisning? Det var eit tilbakevendande tema mellom norsklærarane i grunnskulen og vidaregåande skule i Vågan kommune i Lofoten.

– Med dette som bakteppe kom ideen om å få til ei felles kompetanseheving for lærarane, seier initiativtakar Hege Schultz Eilertsen.

Ho tok derfor kontakt med Nynorsksenteret. Nynorsksenteret på si side jobba med å lage kurspakker til skular og barnehagar, og vi var interesserte i å få prøve ut eit opplegg for kompetanseutvikling for lærarar som jobbar med nynorsk som sidemål. Her fekk vi det, og vi får testa det både i grunnskulen og vidaregåande skule samtidig. I januar 2018 starta vi eit pilotprosjekt som skal gå over fleire semester i Svolvær i Vågan kommune.

Forsking viser at det er å arbeide med det same temaet over tid som gir best resultat. Vi har derfor laga eit opplegg for kompetanseutvikling der vi har to fagsamlingar i semesteret med forelesingar og inspirasjon, utprøvingar mellom samlingane og erfaringsdeling og evaluering av mellomarbeidet på den neste samlinga. Lærarar både frå mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande er med. 15–20 lærarar deltek på kvar samling.

På denne måten får vi på Nynorsksenteret hauste erfaringar frå klasserommet og kan få tilbakemeldingar på kursopplegget vårt, samtidig som lærarane som deltek, kan få moglegheit til å drøfte både idear og planar for undervisningsopplegg dei ønskjer å prøve ut, før gjennomføring. Vi reflekterer saman over erfaringar i etterkant av gjennomføringane.

Slike utprøvingar som dette fungerer best når dei er integrerte i den ordinære undervisninga, og vi arbeider med grunnleggande ferdigheiter: god lese- og skriveopplæring på, i og om nynorsk. Tema på samlingane er nynorskdidaktikk, t.d. nynorsk som sidemål, nyare nynorsk litteratur for ungdom, nynorsk som bruksspråk, kreativ skriving, å lese og skrive nynorsk i andre fag enn norsk, aktuelle nynorske fagkjelder og nettstadar, lesing av fleire kjelder om eitt og same tema (multiple tekstar), vurdering, retting og rettleiingsstrategiar, samskriving og elevsamarbeid og å arbeide med nynorske teikneseriar.

Det første mellomarbeidet har gått ut på å be elevane om å skrive språkbiografien sin. Dette slo godt an frå 7. klasse til VG3. Dei fleste elevane har skrive ganske lange tekstar, opp til tre A4-sider skrivne på pc. Dei reflekterer godt rundt både tale- og skriftspråket sitt og korleis det har blitt påverka og har endra seg både av flytting og av påverknad frå engelsk, kan lærarane fortelje. Elevane reflekterer også over at dialekten deira er i sterk endring, over bruken av enkeltord og korleis dei sjølve endrar språk etter kva samanheng dei er i, kven dei snakkar med eller skriv til. Det handlar også om tilnærminga til «byspråk» og at dette heng saman med kvar i kommunen elevane kjem frå, og dei fortel at dei kan oppleve å ikkje forstå enkelte dialektord som foreldra deira brukar. For dei som har norsk som andrespråk, har dette vore ei svært god oppgåve. Dei har fått stor anerkjenning for den fleirspråklege bakgrunnen sin og opplevde at andre i klassen vart nysgjerrige på både bakgrunnen og kvardagen deira.

– Dette pilotprosjektet er spennande, og det har vore svært nyttig å prøve ut opplegget med språkbiografi no rett før vi skal til med dialektlære og før eksamen i 3. klasse, seier Hege Schultz Eilertsen, som er seksjonsleiar ved norskseksjonen på Aust-Lofoten videregående i Svolvær.


Teksten er henta frå det nyaste nummeret av bladet Nynorskopplæring: