Artig med sidemålsundervisning
09.10.2019
- Min grunntanke er at elevane skal lese, skrive og høyre nynorsk så mykje som råd, og at sidemålsundervisninga gjerne kan vere artig, fortel lektor Ellinor Bergli Bustad frå Skaun ungdomsskole i Sør-Trøndelag.
Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Fotograf: Ina K. Andersen
På konferansen på Hamar skal Bustad presentere korleis ho driv opplæring i norsk slik at elevane les og skriv nynorsk gjennom heile året og i alle samanhengar. Bustad har ei praktisk tilnærming til nynorsk, og ho vil i presentasjonen dele oppgåver, erfaringar og tankar rundt organisering av undervisninga, også sett i lys av fagfornyinga. Ho meiner at å drive opplæring i nynorsk gjennom heile skuleåret fører til gode haldningar til nynorsk hos elevane.
– Dette gjeld både når dei skriv og les ulike tekstar, arbeider med analyse og grammatikk, lagar presentasjonar og vurderer seg sjølv og andre, fortel Bustad.
Nynorsk som bruksspråk
Skaun ungdomsskole er den einaste ungdomsskulen i Skaun kommune, og dei tek i mot elevar frå fem barneskular i kommunen. Jåren-Råbygda var den siste skulen med nynorsk som opplæringsmål i Sør-Trøndelag. Ellinor Bergli Bustad er oppteken av å ta nynorsken i bruk og synleggjere han for elevane.
– Nynorsk er eit bruksspråk som ikkje berre finst i litteraturen, seier ho.
Ho er i mot blokklagd undervisning i nynorsk og pugging før skrivedag.
– Det ikkje nok til å få språket under huda, meiner eg.
Ho har god erfaring med at kvantitet gir kvalitet. Resultatet blir at dei fleste skriv betre på både nynorsk og bokmål, fordi dei opplever at dei får nok kunnskap til å kunne uttrykke seg.
Vekt på språk
Elevane ser at systematisk arbeid og vekt på språk har effekt på skrivekompetansen også på hovudmålet.
– Dei som synest skriving og lesing er vanskeleg, og som strevar med grammatikk, rettskriving og leseforståing har også utbytte av denne tilnærminga; det handlar om tilpasse tekstar og lærestoff og ta tak i utfordringar og spørsmål undervegs, meiner Bustad.
Dei har stasjonsarbeid, leikar med ord, skriv dikt, har stafettar og kahoot!
– Vi les høgt, skriv tekstar i lag og lagar presentasjonar og instruksjonar, fortel norsklæraren.
Elevane lagar gjerne kriterium for måloppnåing i eige tekstarbeid sjølve, dei tek utgangspunkt i eigen «språkbiografi» for å sjå samanhengar mellom skrift og tale.
– Vi bruker andre sine nynorsktekstar som uendeleg inspirasjon til alt frå attforteljing til kreativ nyskaping, seier Bustad.
Nynorskkonferansen 2019 skal vere på Hamar 19.–20. november.
Her kan du sjå programmet og melde deg på: