• Blogg
  • Den nye norskplanen

Den nye norskplanen

11.05.2020

Hafstad Vg1 Og Lærar 5

Kva er eksplisitt uttrykt om hovudmål/sidemål og nynorsk/bokmål i den nye norskplanen, og korleis er progresjonen i sidemål tenkt? Med dette for auge har vi gått inn i den nye norskplanen som skal takast i bruk frå skulestart 2020.

Tekst: Marit Wadsten 
Foto: Anna Kirsten Aaland Hellevang

Under «Fagets relevans og sentrale verdier»­ finn vi at norsk er eit sentralt fag for kultur­forståing,­­ kommunikasjon, danning og identitets­utvikling, og at faget norsk skal gje elevane innsikt­ i den rike og mangfaldige språk- og kulturarven i Noreg.­ Gjennom arbeid med faget skal elevane bli trygge­ språkbrukarar og bli bevisste på sin eigen språklege og kulturelle identitet innanfor eit inklu­derande fellesskap der fleirspråklegheit blir verdsett som ein ressurs. Dette er fine målsettingar. 

Kjerneelementa

Dei seks kjerneelementa opnar for å arbeide med nynorsk og bokmål på ulike måtar. Elevane skal utforske og reflektere over skjønnlitteratur­ og sak­prosa på både bokmål og nynorsk, og dei skal kunne­ skrive på hovudmål og sidemål i ulike sjangrar og for ulike formål. Dei skal òg ha innsikt­ i samanhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå korleis den språklege situasjonen er for dei sjølv og for andre i Noreg. 

Grunnleggande ferdigheiter

Her merkar vi oss spesielt at skriving i norsk inneber å uttrykke seg med ei stadig større språkleg sikker­heit på både hovudmål og sidemål. Den første­ skriveopplæringa skal skje på eleven sitt hovud­mål, og det skal òg den første lese­opp­læringa.

Kompetansemål og vurdering – store endringar

Barnetrinnet

Etter 2. trinn skal elevane kunne lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Etter 4. trinn skal elevane i tillegg kunne samtale om kva tekstane betyr for dei. Vidare­ skal dei ha utforska forskjellar og lik­skapar mellom skriving på hovudmål og sidemål. Etter 7. trinn skal elevane kunne lese ulike typar tekstar på bokmål og nynorsk, og dei skal ha prøvd ut det å skrive tekstar på sidemålet. Elevane skal altså som før lese både bokmål og nynorsk, og dei skal skrive på sidemål på barnetrinnet. 

Illustrasjonsfoto Mellomtrinn Jente Som Les

Det som er nytt etter 4. trinn, er at elevane skal ha utforska forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål. Den nye norskplanen legg altså opp til tidlegare start med utforsking av skriving på sidemål. I den førre planen kom dette først inn etter 7. trinn. Tidleg start med nynorsk som sidemål veit vi er viktig, så dette ser vi på som ei styrking.

Ungdomstrinnet

Etter 10. trinn skal elevane kunne lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og reflektere over formålet med tekstane, og dess­utan innhald, sjangertrekk og verkemiddel. Dei skal kunne skrive tekstar med funksjonell tekst­binding og rett teiknsetting, og dei skal meistre rettskriving og bøying av ord på hovudmål og side­mål. Dei skal òg kunne forklare den historiske­ bakgrunnen for bokmål og nynorsk og reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag. 

Det er i vurderingsordningane at dei største­ endringane skjer. I halvårsvurderingane på 8. og 9. trinn skal læraren no gje ein karakter i norsk munnleg og ein i norsk skriftleg. Halvårs­vur­der­inga i norsk skriftleg skal gjevast ut frå elevane sin skrivekompetanse i både hovudmål og sidemål, og i vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovud­mål enn i sidemål. Dette er nytt, og det er omstridd. I halvårsvurderinga på 10. trinn skal læraren­ som før gje tre karakterar, på same måte som i standpunktvurderinga etter 10. trinn. 

Vidaregåande 

Etter Vg1 og Vg2 Studieførebuande skal elevane kunne lese, analysere og tolke nyare skjønn­litteratur på bokmål og nynorsk, dei skal kunne skrive tekstar med god struktur og tekst­binding og meistre teiknsetting og rettskriving på hovud­mål og sidemål. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. I halvårsvurderinga skal læraren gje ein karakter i norsk munnleg og ein i norsk skriftleg. Karakteren­ i norsk skriftleg skal gjevast på grunnlag av kortare­ og lengre elevtekstar i ulike sjangrar på både hovud­mål og sidemål.

Etter Vg3 Studieførebuande skal elevane kunne analysere og tolke ulike tekstar på bokmål og nynorsk og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid. Dei skal òg meistre språklege formkrav på hovud­mål og sidemål og kunne skrive tekstar med etter­retteleg kjeldebruk og eit presist og nyansert språk. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei reflekterer over språk og tekst og meistrar språklege formkrav på hovudmål og sidemål. Læraren og elevane skal her òg vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og skriftleg hovudmål og sidemål. I halvårs­vurderinga skal læraren gje like mange karakterar­ som i standpunktvurderinga.

I standpunktvurderinga skal læraren sette tre karakterar, ein i munnleg, ein i norsk skriftleg hovudmål og ein i norsk skriftleg sidemål, dei to siste baserte på kompetansen eleven har vist i eit breitt utval elevtekstar i ulike sjangrar. I vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren­ også etter Vg3 ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål.

På påbygging til generell studiekompetanse skal elevane kunne analysere og tolke tekstar­ på bokmål og nynorsk, og dei skal meistre språklege formkrav på hovudmål og sidemål og skrive­ tekstar­ med etterretteleg kjeldebruk og eit presist­ og nyansert språk. Her gjeld elles dei same føring­ane­ for undervegsvurdering og standpunkt som for Vg3. 

På yrkesfaglege studieretningar skal elevane skrive på hovudmålet sitt og ha ein standpunktkarakter.

Illustrasjonsfoto Ungdomsskule

Færre karakterar og differensiert vurdering av sidemål

Det som verkeleg har skapt debatt, er at læraren i vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål, og til dei skeivheitene dette vil medføre i vurderinga. Norsk lektorlag skriv i høyringssvaret sitt til lære­­planen at det vil bli «håpløst å vite hvor man skal legge lista når man vurderer, hvis man skal ‘ta hensyn’ slik forslaget lyder». Dei trur òg at ambisjonsnivået for sidemålet vil bli lågare, slik dette no er formulert. 

Ein eller to karakterar i skriftleg sidemål har òg vore heftig debattert. Om færre karakterar vil gje læraren betre tid til god undervisning heller enn å måtte skaffe grunnlag for å sette tre karakterar, slik mange norsklærarar har hevda, det står att å sjå. 

Korleis kvar einskild rektor og norsklærar omkring i landet kjem til å oppfatte og tolke desse endringane, er eit ope spørsmål. Det er liten­ tvil om at lærarane no får eit tyngre ansvar for å ta vare på det jamstilte, men mindre brukte språket i undervisninga si, slik at dette språket ikkje blir svekt.

Ny vurderingsordning

  • 10. trinn: Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, ein i norsk munnleg, ein i norsk skriftleg hovudmål og ein i norsk skriftleg sidemål.
  • Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Elevane skal ha éin standpunktkarakter. 
  • Vg3 studieførebuande utdanningsprogram:­ Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, ein i norsk munnleg, ein i norsk skriftleg hovudmål og ein i norsk skriftleg sidemål.
  • Vg3 påbygging til generell studie­kompetanse: Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, ein i norsk munnleg, ein i norsk skriftleg hovudmål og ein i norsk skriftleg sidemål.