Truverdig om vanskelege tema
01.10.2025

Då Ann Helen Kolås Ingebrigtsen måtte amputere ein fot, kjende ho at dette måtte det verte ungdomsbok av.
Tekst og foto: Heidi Fagna
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er forfattar og norsklærar. Ho har skrive tre truverdige bøker om ungdommar som prøver å leve så vanleg som råd sjølv om dei står i vanskelege situasjonar. Ho bruker gjerne vonde erfaringar frå sitt eige liv.

Jenter på 15–16 år
Debutboka Sinne kom i 2020. Hovudpersonen Synne vil vere Synne med y, men endar ofte opp i boktittelen “sinne”. Ho har ein ADHD som herjar med impulskontroll og sinnemeistring. Synne ønsker seg ut av tankekøyr og kaos, men vil ikkje ta medisin, og gjer alt ho kan for å skjule problema sine.


Eg blir her (2022) handlar om Oda. Ho bur i ei lita bygd og må ta ferje til skulen og butikken og resten av verda. No er ho 16 år og må begynne å tenke på om ho vil bli eller flytte. Den kjenslevare og lett alkoholiserte bohemen av ein far gjer ikkje livet hennar lettare.


På ein skala frå ein til ti kom i 2025. Her møter me 16 år gamle Miriam. Ho har ein fot som har vore alvorleg skadd sidan ho var to år. Ho er livredd for at kjekke Torjus kjem til å avvise ho fordi ho er funksjonsnedsett. Heldigvis har ho Malin, tvillingsøster og besteven.

Inspirert av eige liv
På ein skala frå ein til ti er sterkt inspirert av oppveksten til forfattaren. Ho har levd med skadde bein heile livet, og ho måtte amputere den eine foten då ho var 42 år. Ho har kjent på mykje skam for funksjonsnedsetjinga.
– Eg har gjort mykje rart for å skjule beina mine. Eg hadde alltid blå plastovertrekk i veska i tilfelle eg måtte ta av skoa ein stad. Eg reiste heller heim enn å la folk sjå beina mine, seier Ingebrigtsen i podkasten Bakom boka.
Fleire av dei vonde erfaringane gjev ho vidare til Miriam, som må takle amputasjonen i ein alder av 16 år.
Ingebrigtsen har så langt skrive tre bøker for ungdom. Tematisk er dei ulike, men dei har ein del til felles: Dei er skjønnlitterære, hovudpersonane er jenter på 15–16 år, dei er i første-person, og dei er 150–200 sider lange.