• Blogg
  • – Det er ei ny verd som har opna seg

– Det er ei ny verd som har opna seg

14.10.2016

MG 1532 825x510

Dette sa ein av barnehagestyrarane under oppsummeringa av Nynorske lesefrø i Herøy kommune.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

I tre semester har biblioteket og dei ni barnehagane i kommunen brukt meir tid på bøker og høgtlesing. Gjennom prosjektet har dei tilsette blitt kjende med mange nye nynorske bøker, og reflektert mykje kring språk og høgtlesing i barnehagen.

Biblioteksamarbeid

Biblioteket har leia prosjektet og har sett saman kasser med nynorske barnebøker og sendt ut til barnehagane. Om lag kvar tredje veke køyrer ein tilsett frå biblioteket frå barnehage til barnehage, tek med den gamle kassa og set att ei ny. Rulleringsordninga syter for at barnehagane får nye bøker jamleg, og at dei tilsette vert kjende med bøker dei kanskje ikkje hadde kome på å låne sjølve. Dei tilsette fortel at dei no oftare prøver ut nye bøker framfor å berre velje bøker dei sjølve har vakse opp med eller har brukt tidlegare i barnehagen. Dei har fått eit større repertoar av bøker å velje mellom. Bibliotekleiaren har vore bevisst på at kvar kasse skal ha bøker som er aktuelle for kvardagslivet i barnehagen – der skal vere bøker til ulike situasjonar. Borna og dei vaksne i barnehagen gler seg kvar gong det kjem ei ny kasse med bøker frå biblioteket, og er svært godt nøgde med samarbeidet med biblioteket.

I Lindås i Hordaland er fire barnehagar med i Nynorske lesefrø: Lesefrøa fell i god jord

Høgtlesing kvar dag

Dei tilsette i Herøy-barnehagane fortel at dei les meir i kvardagen no enn tidlegare, og at borna i større grad inviterer dei vaksne med. Det er godt å sitje saman kring ei bok, å snakke saman om bileta og å kjenne kroppskontakt med kvarandre. Det treng ikkje vere eit «show» kvar gong ein les, men dei vaksne har blitt bevisste på å førebu den planlagde høgtlesingsøkta. Meir lesing i kvardagen gir også trening i det å bli lesen høgt for. Dei nye bøkene gir grunnlag for ny undring. Borna les og leikar nye bøker på ein annan måte enn etablerte forteljingar som til dømes dei om Emil og Pippi –sjølv om ein sjølvsagt skal lese desse bøkene også. Nokre barnehagar har valt å ha eigne bokveker innimellom dei ordinære temavekene, og har lagt dette inn i årsplanen. Andre har faste leseøkter fleire gonger i veka, gjerne kl. 9–10 eller etter uteleiken på ettermiddagstid. Bøkene blir også brukte i samlingsstunda og i meir spontane leseaktivitetar.

«Ei oppeten bok er også ei lesen bok»

I starten av prosjektet lurte dei barnehagetilsette på om biblioteket var redd for bøkene sine, og om dei skulle tore å ha bøkene tilgjengelege for dei minste, som gjerne ville leike med og ete på bøkene. Bibliotekleiaren fortel at bøker skal brukast, og at dei vert utslitne, men synest ikkje det har vore eit spesielt problem med slitasje knytt til dette prosjektet. Borna har blitt flinke til å passe på bøkene, og det er ikkje sjeldan at det er 0–3-åringane som tek initiativet til at ein vaksen skal lese for dei. Barnehagane har bestemt sjølve korleis dei vil oppbevare bøkene frå biblioteket. Nokre har bøkene i kasser i fellesområdet, nokre har dei på eigne språkrom og andre har dei ståande i hyller på avdelingane, gjerne i barnehøgd. Ein barnehage hadde også laga til ein krok til å leike bibliotek, med boksamling, utlånskort, disk og liknande.

Lesestunder i biblioteket

Biblioteket i Herøy har også invitert barnehagane til ei lesestund med ein forfattar eller formidlar i biblioteket ein gong i halvåret. På den måten får borna bli kjende med og får eit forhold til biblioteket. Dette har vore eit tilbod til dei eldste i barnehagen, og barnehagane gir biblioteket honnør for arrangementa.

Det nynorske aspektet

Sjølv om Herøy er ein nynorskkommune, fortel dei tilsette i barnehagen at dei i liten grad var opptekne av kva målform bøkene var på, før prosjektet. Tidlegare las dei uansett på dialekt fordi dei tenkte at det var det som borna forsto best. Boksamlingane i barnehagane inneheldt i liten grad nynorske bøker, og utvalet av bøker var ofte tilfeldig. I løpet av Nynorske lesefrø-perioden har dei tilsette blitt bevisste på å velje nynorske bøker, og at det er viktig å også lese nynorsk tekst som han står, i tillegg til å fortelje og snakke om bøkene på dialekt. Born som skal ta til med nynorsk på skulen, treng å møte skriftspråket tidleg for å verte gode lesarar og skrivarar sjølve. Barnehagane i Herøy melder at Nynorske lesefrø var eit viktig prosjekt for å setje i gang tankeprosessar om korleis ein kan drive språkstimulering knytt til bøker i barnehagen. Det er fritt fram for andre å starte liknande prosjekt, eller å bruke element frå Nynorske lesefrø som inspirasjon for å lese litt fleire nynorske bøker i barnehagen.

Barnehagane i Herøy fortel om spesielt gode leseopplevingar knytte til desse bøkene:

Jakob og Neikob
Himmelspringaren
Prikk og Flekk
Storemonster og Veslemonster
Vesle Pinne
Prinsesser og drakar
Unni og Gunni
Politihunden Falk (førskulegruppa)