• Blogg
  • Opptak frå digital fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

Opptak frå digital fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

17.11.2020

Kollasj

Her finn du opptak frå den digitale fagdagen som Nynorsksenteret arrangerte torsdag 12. november. Rundt 120 personar frå ulike delar av landet deltok på fagdagen.

Nynorsksenteret har som ei av hovudoppgåvene sine å støtte lærarutdanningane i arbeidet med å gi betre nynorskopplæring. Fagdagen 12. november var eit tilbod til denne målgruppa. Vi presenterte eigne ressursar og bidrag frå lærarutdannarar som har prøvd ut ulike undervisingsopplegg.

Bakgrunn

Alle elevar i norsk skule skal møte begge dei norske skriftspråka heilt frå småskulen. Lesing og etter kvart utprøvande skriving skal byrje lenge før den meir formelle sidemålsopplæringa byrjar på ungdomstrinnet. Dette står i gjeldande læreplan og er endå sterkare presisert i LK20, som blir tatt i bruk i haust.

Heilt frå 1. klasse til tredje vidaregåande er det berre eitt norskfag, og der skal elevane lære både nynorsk og bokmål. I rammeplanforskrifta for lærarutdanninga (både for 1–7 og 5–10) står det difor at

kandidaten skal beherske norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.

Slik må det sjølvsagt vere. Lærarkandidatar som blir sertifiserte til å undervise i heile landet, må ha fullverdig norskkompetanse. Ikkje berre av omsyn til elevane som har nynorsk som førstespråk, men også for det store fleirtalet som har bokmål som opplæringsmål.

Opningsforedrag
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby: Nynorsk i lærarutdanninga

– Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er veldig viktig for Utdannings-Noreg. (…) Eg har lyst til å bruke litt tid på å skryte av nettsida til Nynorsksenteret. Den er utruleg informativ og god, eg brukte ho sjølv mykje då eg var norsklærar i vidaregåande, og då eg var lærarutdannar. Eg stal masse gode opplegg frå dei nettsidene, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, som oppfordrar andre til å ta i bruk Nynorsksenteret.no.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda:
Tid for nynorsk i lærarutdanninga

Tid spelar ei viktig rolle i arbeidet med å gjere lærarstudentane til trygge nynorskbrukarar. Det tar tid å meistre språk, og det krev at vi som lærarutdannarar arbeider langsiktig og målretta med studentane sin nynorskkompetanse. Ved lærarutdanninga i Volda har vi fleire tiltak som både kan gi studentane støtte til eiga nynorskopplæring og nynorskopplæring for dei elevane dei møter i praksis. Eitt av dei er å introdusere studentane for bokantologien Tid for ti og nynorsk litteratur for barn og unge. I dette innlegget viser eg korleis Tid for ti blir eit møte mellom studentar, praksisfelt og fagfolk.

Eli Anne Eiesland, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg:
Bruk av automatisk omsetjing i nynorskopplæringa – didaktiske og vurderingsmessige problemstillingar
Bruk av automatiske omsetjingsprogram brer om seg i skulen og på høgskular og universitet. Med eit tastetrykk kan ein forvandla ein tekst frå bokmål til nynorsk, og dermed må ein tenke nytt om nynorskopplæring. Korleis kan ein sikra seg at ein får vurdert faktisk kompetanse i nynorsk når slike verktøy finst? Og korleis kan ein bruka slike verktøy i undervisning?

Nynorsksenteret og lærarutdanningane
Aktuelle læringsressursar

Sigrunn Askland, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder:
«Dei byrjar med grammatikk og skriv etter kvart.» Grammatikkundervisninga si rolle i norskfaget – hovudmål og sidemål.
Resultata frå ein studie der eg intervjua og observerte norsklærarar i klasserommet, tyder på at dei meiner at eksplisitt grammatikkundervisning er viktig, men at dei brukar lite tid på dette i hovudmålsundervisninga, spesielt i vidaregåande skule. Når det gjeld nynorsk som sidemål, derimot, seier lærarane at dei vektlegg grammatikkundervisning mykje meir enn i hovudmålet. Det kan verke som at grammatikkundervisning er eit botemiddel for manglande eksponering for nynorsk, og at mykje av grammatikkundervisninga i nynorsk som sidemål er dekontekstualisert. Er slik grammatikkundervisning verkeleg ein fruktbar måte å betre språkkunnskapen til elevane på? Kva alternativ finst? Eg meiner det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonar og språklærarar held fram med å stille og diskutere slike spørsmål.

Pål Lundberg, universitetslektor ved OsloMet – storbyuniversitetet:
Medstudentrespons på MGLU 5–10 – med vekt på dei formelle ferdigheitene i nynorsk.
Dette innlegget tar for seg ein del av eit større prosjekt om medstudentrespons på ein fagartikkel skriven av førsteårstudentar ved MGLU 5.–10. trinn, norsk ved OsloMet – storbyuniversitetet studieåret 19/20. Vi fann at om lag halvparten av margkommentarane frå responsgivar handla om språk og formelle ferdigheiter, og at det var dette kriteriet som vart plassert lågast i ei primærtrekkvurdering av teksten. Vi har sett på kva responsgivar kommenterer, om det er samsvar mellom medstudentrespons og eiga vurdering av teksten, og korleis responsmottakar vil bruke medstudentresponsen vidare i tekstarbeidet.