Arbeid med dagsaktuell retorikk: Presidentvalet i USA
07.11.2024
Når ein skal arbeide med retorikk i skulen, er dagsaktuelle hendingar og emne ofte avgjerande for at eleven skal forstå at kommunikasjonen er forma av den retoriske situasjonen. I eit rykande ferskt undervisningsopplegg får elevane arbeide med retorikken i sigerstalen til Trump frå presidentvalet i USA i 2024.
Ei sentral målsetjing for opplegget er sjå korleis språket og formuleringane endrar seg når ein presidentkandidat skal presentere seg som framtidig president. Etter ein valkamp som har vore prega av konspirasjonar og hatefulle ytringar, er det særleg interessant å sjå kva retoriske grep talaren gjer for å framstå som ein samlande statsleiar.
Her finn du opplegget: