• Blogg
  • Fryktar dei språkpolitiske konsekvensane

Fryktar dei språkpolitiske konsekvensane

31.08.2021

Foto Synnøve Marie Sætre til nettside

– Om NDLA vert avvikla, forsvinn eit viktig nynorsktilbod for både elevar og lærarar, og det vil oppstå eit hòl som ikkje forlaga greier å fylle med dagens praksis. Difor meiner eg det er viktig å lyfte dei språkpolitiske konsekvensane i denne debatten, seier lærar Synnøve Marie Sætre som er nestleiar i Noregs Mållag.

Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Noregs Mållag

NDLA (Nasjonal digital læringsarena) er eit fylkeskommunalt prosjekt som har som mål å tilby fritt tilgjengelege, nettbaserte læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring. Fleire rikspolitikarar har teke til orde for å avvikle NDLA fordi dei meiner det tek frå lærarane valfridommen. Dei siste vekene har mellom anna Klassekampen skrive fleire saker om NDLA og digitale læremiddel. Synnøve Marie Sætre fryktar ei avvikling av NDLA vil gå ut over både elevar og lærarar.

– NDLA gjer lærestoff i alle fag tilgjengeleg på nynorsk, så utan NDLA vil elevane bli eksponerte for mindre nynorsk og lærarane vil få ein større jobb med å finne ressursar til elevane på nynorsk, seier Sætre som er lærar ved Ulstein vidaregåande skule.

– Vil det ramme nynorskelevane spesielt?
Heilt klart. Om dei fysiske lærebøkene i det heile kjem på nynorsk, kjem dei sjeldan med digitale ressursar på nynorsk, så det totale volumet som er tilgjengeleg for elevane på nynorsk, vert mindre om NDLA vert avvikla. I norskfaget er det òg eit problem at dei fysiske lærebøkene er språkdelte. I mange slike læreverk er fordelinga mellom nynorsk og bokmål svært skeiv med mest bokmål, så elevane har for lite nynorsk rundt seg. Det må bli meir, ikkje mindre.

– Korleis brukar du som lærar NDLA i dag?
Eg underviser i norsk på vidaregåande skule, og i norskfaget finst det utruleg mange gode ressursar på NDLA, så eg brukar NDLA mykje. Det vert som eit godt supplement til den fysiske læreboka.

– Har du inntrykk av at det er mange lærarar som brukar NDLA?
I mitt kollegium brukar me det mykje, og inntrykket er at det vert brukt mykje, særleg i fellesfaga.

– Finst det noko alternativ som er like godt, sett frå eit nynorskperspektiv?
Det er ikkje viktig for meg at det skal finnast eit fylkeskommunalt samarbeid som det NDLA er. Det viktigaste er at elevane er sikra gode læremiddel på nynorsk. Eit alternativ er sjølvsagt at forlaga byrjar ta nynorskelevane på alvor og produserer like gode læringsressursar på nynorsk som på bokmål. Då må det bli stilt strengare krav til forlaga, og det må sikrast at jobben vert gjort.

– Kva skil NDLA frå andre plattformer der ein kan finne nettbaserte læremiddel for vidaregåande opplæring?
Hjå NDLA finst alt stoff både på nynorsk og bokmål, så der veit ein at ein kan finne ressursar utan å måtte ta jobben med å omsetje sjølv.

– Kva synest du om at fleire av nynorskbøkene er forseinka i samband med Fagfornyinga?
– Dette skjer kvar gong det vert produsert nye læremiddel, og nynorskelevane vert taparane. Det vitnar om ein praksis der nynorskelevane vert nedprioriterte av forlaga.

– Kan ein gjere noko for å unngå at nynorskelevane må vente på lærebøker?
Ein kan stille strengare krav til forlaga om at dei ikkje får selje læremiddel som ikkje ligg føre på nynorsk og bokmål samstundes. I dag ligg dette ansvaret på skuleeigar. Dei får ikkje kjøpe inn læremiddel som ikkje ligg føre på begge språka til same tid og same pris, og det set dei ofte i ein vanskeleg posisjon.

– Kva er problemet med opplæringslova slik ho er formulert i dag?
– Opplæringslova heng ikkje med i den digitale utviklinga, og definisjonen av kva som vert rekna som eit læremiddel, femnar ikkje om alt som vert brukt i dagens klasserom. Det fører til at ressursar utanom den fysiske læreboka sjeldan finst på nynorsk. Ho stiller heller ikkje parallellitetskrav til kontorstøtteprogram og læringsplattformer som er ein viktig del av skulekvardagen for nynorskelevane. Ein betre definisjon av kva eit læremiddel er, vil også leggje føringar for kva som vert produsert, og det vil kome nynorskelevane til gode.

– Har mållaget fått mange tilbakemeldingar frå skuleelevar som ventar på nynorske lærebøker?
– Ja, me vert ofte kontakta av fortvilte lærarar og bibliotekarar. Norsk Målungdom får også mange klager frå elevar som ikkje får bøker på nynorsk.

– Kva er di erfaring som lærar? Korleis løyser skulen mangelen på nynorske lærebøker i starten av skuleåret?
Fagfornyinga vert innført utan at det fylgjer med ekstra midlar til å kjøpe inn læremiddel, og det gjer at mange fylkeskommunar og kommunar ikkje har økonomi til å kjøpe nye lærebøker i alle fag. Hjå oss har me ikkje kjøpt inn nye lærebøker i norskfaget enno, så då brukar me gamle lærebøker og supplerer med til dømes NDLA. Andre stader vert det gjerne slik at ein må velje mellom å stå utan lærebøker langt inn i skuleåret eller å gå for bøker på bokmål.

– Kva utfordringar fører mangel på nynorske lærebøker til for lærarar og elevar i skulekvardagen?
Det fører til at nynorskelevane får dårlegare opplæring i språket sitt enn det bokmålselevane gjer. Ein treng å sjå språket sitt rundt seg for å bli ein trygg språkbrukar, understrekar Synnøve Marie Sætre.