• Blogg
  • Har fått styrkt nynorskkompetansen til lærarane

Har fått styrkt nynorskkompetansen til lærarane

01.10.2019

Hege S  Eilertsen

Gjennom ei kursrekkje gjennomført av Nynorsksenteret har lærarar i Lofoten blitt tryggare i nynorsk, og det har smitta over på elevane. 

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Foto: Torild Winther

På norskkonferansen på Hamar skal adjunkt Hege Schultz Eilertsen frå Aust-Lofoten videregående skole i Svolvær presentere satsinga som Vågan kommune og Nordland fylkeskommune har hatt på nynorsk i skulen. Dei starta eit samarbeid med Nynorsksenteret om ei kursrekkje for å styrke nynorskkompetansen blant lærarane i kommunen.

– Vi bur i ein grisgrendt kommune med mange grunnskular. Som norsklærar ved vidaregåande skule såg vi at elevane kom til oss med ulike erfaringar og ferdigheiter i nynorsk, fortel Hege Schultz Eilertsen. 

Som leiar ved norskseksjonen opplevde ho også at mange norsklærarar kjende seg usikre på å undervise i nynorsk sidemål. Dette ville ho gjere noko med.

– Vi starta eit samarbeidsprosjekt der norsklærarar frå både grunnskulen og vidaregåande skule deltok i ei kursrekkje leia av Nynorsksenteret, seier Eilertsen.

Dei har også fått med fleire skular på mellomtrinnet. Kurset som starta i januar 2018, har gjeve positive resultat. 

Lærarar og elevar er begeistra

Med kurset frå Nynorsksenteret fekk lærarane vite korleis ein skal undervise i nynorsk sidemål. Kursrekkja har ført til større tryggleik kring det å undervise på nynorsk for den enkelte lærar. Det igjen smittar over på elevane når dei ser nynorsk skrive på tavla.

– No reagerer ikkje elevane lenger på om lærarane skriv nynorsk på tavla i ein time med norsk, matte eller tysk, fortel Eilertsen.

Samarbeidet på tvers av fag har vore med å styrke nynorsken. Skulen har også tverrfagleg samarbeid i måten ein rettar på i norsk, engelsk og tysk. Lærarane brukar same fargekode i rettearbeidet. Dei større ordklassane har ein fargekode, til dømes er verb merkte med raudt og substantiv merkte med gult.

– Elevane ser til dømes at ein må jobbe meir med substantiv i både norsk og engelsk. Det er med å bevisstgjere elevane, fortel norsklæraren. 

Samarbeid med ungdomsskulen

Eilertsen presiserer at samarbeidet med ungdomskulen og nokre mellomtrinn har vore svært viktig. Der er 11 grunnskular i kommunen, og dei er spreidde geografisk frå øyskule til byskule.

– Vi forventar at når elevane kjem til oss, har dei same bakgrunn i nynorsk, seier Eilertsen.

Ho fortel at gjennom kurset har dei blitt kjende med lærarane i ungdomsskulen. Dei har fått presentert kva dei har jobba med, og det gjer det lettare å byggje vidare på den kunnskapen når elevane kjem på vidaregåande.

– Elevane har fått ei meir stabil og heilskapleg nynorskundervisning. Det er jamt på planen, og ikkje noko ein gjer 14 dagar før eksamen for å dekke læreplanmål, seier Eilertsen.

No held elevane på med fordjuping i to studiespesialiserande klassar.  Elevane les tre bøker og så skriv dei refleksjonsnotat på nynorsk.
– Då får dei ein kjempedose med nynorsk i starten av året, smiler ho. 

Språkbiografi

Språkbiografi er eit anna nynorskprosjekt som skulen har satsa på. Nynorsksenteret hjelpte til med korleis ein skulle gjennomføre prosjektet. Elevane skriv biografi om eige språk, eigen dialekt om kvar foreldra kjem frå og meir. Eilertsen fortel at det resulterer i mange spennande oppgåver, mellom anna fordi dei har mange framandspråklege elevar også. 

Plan for nynorsken

To gonger i året er det samarbeidsmøte i alle seksjonar mellom grunnskulane og vidaregåande skular. Dette har tidlegare vore møte på to timar. Men no har dei sett av ein heil dag i halvåret. Noko som Eilertsen ser er positivt fordi det blir meir forpliktande.

Norsklæraren fortel at dei håpar å få til ei avsluttande samling der målet er å lage ein heilskapleg plan i nynorsk for kommunen. Den skal gjelde frå elevane startar i 1. klasse til dei går ut av vidaregåande. Ho poengterer at i læreplanen står det at elevane skal lese tekstar både på nynorsk og sidemål.

– Ved å lage denne planen, vil vi ufarleggjere nynorsk, fortel ho.

På den nasjonale norskkonferansen på Hamar 19.–20. november skal adjunkt Hege Schultz Eilertsen frå Aust-Lofoten videregående skole presentere satsinga som kommunen har hatt på styrking av nynorsk. Påmeldingsfrist: 15. oktober.

https://nynorsksenteret.no/konferanse2019