• Blogg
  • Starthjelp til kreativ skriving

Starthjelp til kreativ skriving

16.11.2020

Illustrasjon kreativ skriving

Skrivesenteret har laga heftet Kortdikt – Modelltekstar i kreativ skriving for ungdomstrinnet der dei presenterer undervisningsopplegg i kreativ skriving.

Tekst: Peter Mørk og Johan Dragvoll, Skrivesenteret

Sjå for deg at du vert sleppt ned på ei snødekt vidde ein kald og klar vinterdag. Du myser mot sola, høyrer kaffien skvalpe i termosen og kjenner lukta av appelsin og sjokolade frå lokket av sekken. Nysnøen knakar under skia dine og ligg som ei dyne på høgde etter høgde så langt du kan sjå. Ingen har enno forstyrra ho. Vidda er eit stort, kvitt ark, og skia dine er den blinkande markøren som berre ventar på avgjerda di. Kvar vil du gå? Du har alle moglegheiter i heile verda! Kvifor ser du så bekymra ut? Kor du er? Er det så nøye? Kor du skal? Det bestemmer du heilt sjølv! Berre fantasien sett grenser! Nei, løypekart og kompass har du ikkje, men treng du det? Du skal jo gå opp din heilt eigen veg! Vêrmelding? Næraste turisthytte? Desse tinga vil berre avgrense vala dine. Kva klagar du over? Du har jo ingen grenser! Ingen rammer! Alt er lov! (Eller eigentleg ikkje. Det finst heilt opplagt gode og dårlege løyper, men det snakkar vi ikkje om før du er ferdig med turen.)

Alt for ofte slepper vi elevane ut på slike velmeinte møte med det store, kvite arket. Spesielt når vi ber dei om å skrive kreativt. Men dei færraste elevane er skrivinga sitt svar på Lars Monsen. Tvert om treng dei fleste av oss mykje støtte for å kome i gang med skrivinga. Kva slags type tekst er det eigentleg vi skal skrive? Kva slags normer finst for denne typen tekst? Kva skal innhaldet vere?

I kjerneelementet Språket som system og moglegheit i norsk står det at elevane skal beherske etablerte språk- og sjangernormer og kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar. Dette målet finn vi og igjen i kompetansemåla for ulike trinn. Etter 7. trinn skal elevane til dømes kunne leike med språket og prøve ut ulike verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar, medan dei etter 10. trinn skal kunne uttrykke seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar. Målet med den kreative skrivinga er med andre ord utforsking og eksperimentering. Men viss det er målet, vert det då ikkje feil å legge føringar for korleis elevane skal skrive og gi dei eksempel på korleis andre har løyst oppgåva? Ikkje ifølgje dei som lever av kreativitet.

Kreativitet handlar om å stele. Det festlege med denne påstanden er at han er blant dei mest stolne sitata vi kjenner til. Picasso, Banksy, Einstein, T. S. Elliot, Salvador Dali og David Bowie er berre nokre av alle dei som har stole og med små variasjonar gjentatt bodskapet om at menneskeleg kreativitet startar med tjuveri. Kunne litterære periodar som nasjonalromantikken eller sjangrar som novella oppstått viss ikkje kunstnarar stal frå kvarandre? Dersom alle ideane deira var originale og upåverka av det som hadde kome før?

Peter
Peter Mørk arbeider ved Skrivesenteret.

Samstundes handlar kreativitet ikkje berre om å stele. Det handlar òg om å stele på rett måte, så ein slepp unna med det. T. S. Elliot skreiv i 1920 at dårlege poetar øydelegg det dei stel, medan dei gode poetane skapar det om til noko betre, eller i det minste noko anna. Kreativitet tar med andre ord utgangspunkt i etablerte normer og eksisterande idear som ein så omformar og kombinerer på nye måtar. For at elevane skal kunne skrive kreativt, treng dei å begynne med å utforske etablerte normer og idear.

Ein fin start på den kreative utforskinga av språk og sjangrar kan difor vere å la elevane skrive dikt eller andre kreative korttekstar med utgangspunkt i modelltekstar. Ein modelltekst (eller eksempeltekst) er ein tekst som i form og innhald minner om teksten elevane skal skrive, slik at dei kan utforske verkemiddel og språklege grep i teksten og hente inspirasjon til eigne tekstar. Modelltekstomgrepet er henta frå den australske sjangerpedagogikken, som legg opp til at ein skriveprosess har fire fasar i Sirkelen for undervising og læring:

  1. Byggje kunnskap om temaet og forstå teksten si rolle i kulturen vår
  2. Utforske modelltekstar i fellesskap for å studere struktur og språk og verkemiddel
  3. Felles konstruksjon av tekstar – lærar og elevar skapar saman
  4. Sjølvstendig tekstkonstruksjon – med støtte frå lærar og/eller medelevar
Johan
Johan Dragvoll arbeider ved Skrivesenteret.

I heftet Kortdikt – Modelltekstar i kreativ skriving for ungdomstrinnet har vi samla ei rekke små meisterstykke frå verdslitteraturen som kan fungere som modelltekstar for elevane. I tillegg har vi skissert to undervisingsopplegg som kan fungere fint både på mellomtrinn, ungdomstrinn og i vidaregåande. Ein kan til dømes sjå for seg at ein ønskjer å lære elevane å skrive haiku og bruker dei fire fasane slik:

  1. Idemyldre rundt kva eit dikt er. Må eit dikt rime? Må det ha rytme? Må det følgje reglar? Kor går grensa for kva som er eit dikt og ikkje?
  2. Presentere eitt eller fleire haiku for elevane, som t.d. dette frå heftet:

    Å, lille snegle
    Klyv opp på Fuji-fjellet
    Men sakte, sakte!

    (Kobayashi Issa, 1763–1828)
  3. La elevane studere talet på stavingar i kvar av linene, talet på liner, eventuelle rim, grammatisk tid på verba osv. og sjølv kome fram til reglane for haiku.
  4. Læraren konstruerer nokre haiku på tavla med utgangspunkt i forslag frå klassen.
  5. Elevane sit parvis eller individuelt og skapar sine eigne haiku, helst så mange som mogleg, før dei avsluttar med å lese favorittane sine i grupper.

I kort: Å ha nokre tekstar å etterlikne opnar lettare opp for skriving, ikkje minst av kreative tekstar, og å etterlikne dei beste gir god læring på vegen mot meir kreativt sjølvstende.