• Blogg
  • Jon Fosse i skulen

Jon Fosse i skulen

20.05.2020

Inger Vederhus Og Dag Skarstein

Inger Vederhus og Dag Skarstein framfor Grotten i Slottsparken der forfattar Jon Fosse bur. 

Når elevar får lese utfordrande tekstar, blir dei inviterte inn i ei spesifikk lesarrolle. Tekstar med ubestemt eller fleirtydig meining gjer det mogleg for elevane å skjerpe det analytiske tekstblikket sitt. Tekstane til Jon Fosse passar svært godt til dette føremålet, meiner redaktørane bak den nye boka Jon Fosse i skulen

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

Dag Skarstein er førsteamanuensis i norsk og Inger Vederhus er førstelektor i norsk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Dei er begge tilsette ved lærarutdanninga. No har dei skrive ei bok om korleis ein kan arbeide med litteraturen til Jon Fosse i klasserommet. Mads Breckan Claudi og Mette Elisabeth Nergård er også forfattarar i boka. 

– Vi har undervist og arbeidd med litteraturundervisning ganske lenge begge to. Då tenkjer du litt på kva slags tekstar som kan vere gode når ein skal undervise i litteratur, seier Inger Vederhus.

Ho synest det er interessant å finne tekstar der elevane kan diskutere meining.

– Der synest eg Jon Fosse sine tekstar i ulike sjangrar leverer. Du kan sjå føre deg ein akse frå likesæle, opplevingslesing til ny meiningsskaping når du les. Du blir invitert til å konsentrere deg når du les eller høyrer tekstane til Jon Fosse, for dei er både vedunderleg enkle og kompliserte, seier Vederhus. 

Tren tolkingskompetanse

Forfattar Jon Fosse har ein spesiell plass i norsk samfunnslitteratur.

– Han er kanskje den mest anerkjende samtidsforfattaren vår, både nasjonalt og internasjonalt, og den vi kanskje trur kan få Nobelprisen av dei som skriv i dag. Fosse har difor ein naturleg plass i norskfaget. Samstundes blir kanskje det han har skrive, opplevd som litt krevjande å ta fatt på. Boka er meint som ei hjelp til lærarar som ønskjer å arbeide med tekstane til Fosse, seier Dag Skarstein.

Boka passar også for lærarstudentar som ønskjer å lære meir om korleis ein kan jobbe didaktisk med litteratur. Innanfor litteraturdidaktikken kan vi tenkje oss eit spenn av litteratur.

– Ein del litteratur er tilpassa målgruppa, til dømes barnebøker for barn og ungdomsbøker for ungdom. Den forma for litteratur er meint for å appellere til elevane på ein spesiell måte gjennom til dømes identifikasjon med karakterane, spenning og innleving, fortel han. 

Denne litteraturen speler også på emosjonelt engasjement som ein tenkjer at barn og unge har.

– Det er viktig og kjempebra, men vi vil òg ha noko som skjerper og appellerer til elevane som tenkjarar og teksttolkarar. Teksttolking har blitt utruleg viktig i det tekstsamfunnet som vi lever i. Når du les utfordrande tekstar, blir du tvinga inn ein tolkingsmodus, og du får trene tolkingskompetansen, forklarer Skarstein. 

Om boka

Boka Jon Fosse i skulen er inndelt i fem kapittel. Ho inneheld eitt kapittel om epikk, eitt om dramatikk, eitt om lyrikk, eitt om biletbok og til slutt eitt om det religiøse i Jon Fosse sitt litterære univers.

– I alle kapitla prøver vi å vise fram kva som er spesielt med Fosse. Vi presenterer vanlege forteljartekniske omgrep, og så prøver vi å vise korleis han bruker dei på nye måtar i dei tre hovudsjangrane, seier Skarstein.

Dei to siste kapitla nærmar seg filosofien og religionen.

– Fosse bruker det kvardagslege språket, men så blir underet løfta fram som noko som er i kvardagen vår. Det blir på ein måte det motsette av melodrama der det er det eksepsjonelle som skal tydeleggjere problemet som blir teke opp, forklarer Skarstein.  

I boka kjem dei også med nokre døme frå klasserommet.

– Elevane må høyre på kvarandre. Dei blir merksame på både seg sjølv som lesar og det kollektive eller klassen som lesarar, seier Vederhus. 

Korleis motivere elevane?

Ein del lærarar og lærarutdannarar lurer på korleis dei skal motivere alle elevane og studentane til å kome i gang.  

– Eg byrjar nesten alltid med at dei høyrer på eit utsnitt. Deretter snakkar vi om forfattaren som skrivar og forfattarskapen, fortel Inger Vederhus.  

Ved lesing av teksten, Andvake av Jon Fosse, kan til dømes elevane knyte opplevingane til tidlegare lesingar av Juleevangeliet eller Karens jul av Amalie Skram.

– Ein kan av og til oppleve at nokon er skeptiske til å skulle setje i gang eller lese ein heil roman, men mi erfaring er at når vi arbeider saman om teksten i klasserommet, så endrar det seg. Slik lesing kan opne for vidare individuell stillelesing, Fosses tekstar gjev noko meir å tenke på, den første motstanden lesaren kan ha mot ein tilsynelatande uvanleg tekst, er overvunnen. Eg har mange gongar opplevd at studentane blir begeistra over verdene dei møter i Jon Fosses tekstar, dei handlar om grunnleggande tema, til dømes om kor vanskeleg det er å møtast og å tru. Lesaren blir dratt inn i det musikalske språket og ser nye konkrete og mentale landskap gjennom litteraturen, seier Vederhus. 

For dei som har lett tilgang til å gå på teater, kan det vere ein fin inngangsport til Fosse. Lydbøker og lydfiler er også gode alternativ. 

Jon Fosse I Skulen

Ver open for innspel

Forfattarane meiner det er viktig at læraren inviterer inn i ei spesiell lesarrolle.  

– Viss ein opnar med at dette er ein tekst som kan bety mange ting, og fortel at læraren sjølv er usikker på korleis teksten skal tolkast, så inviterer ein elevane inn til ein undersøkjande aktivitet og inn i eit tolkingsfellesskap, forklarer Skarstein.

Viss du bruker tekstane til Jon Fosse, inviterer du inn til noko som er eit større fellesskap enn litteratur som er tilpassa ei aldersgruppe.

– Det gir kanskje tilgang til ei vaksenverd, og det kan vere ein stor motivasjon for elevane. Dei forstår at dei lærer noko nytt som gir nye moglegheiter, seier Skarstein.

Bruk kreative metodar

Det finst fleire måtar ein kan jobbe med Jon Fosse sine tekstar på.

– Drama er ein fin innfallsvinkel. Ein kan la elevane få vere kreative og setje opp eit drama av Jon Fosse på skulen, seier Vederhus. Ho kjenner også lærarar som har brukt biletboka «Kant» (2005), med illustrasjonar av Akin Duzakin, på mellomtrinnet.

– Det kan vere ein fin inngang til filosofiske samtalar i klasserommet. Kva tenkjer guten Kristoffer på, korleis snakkar han og pappa saman, og kva er det Kristoffer er så redd for?

Fosse sine tekstar kan også brukast i litteraturlaboratorium. Dette er ein undervisningsmåte i litteratur som legg opp til at elevane skal gå laus på avanserte tekstar, men utan at dei treng å ha mykje erfaring og kunnskap om litteraturtolking på førehand.

– Det er mange motiv som går igjen i Fosse sine tekstar i ulike sjangrar. Ein kan undersøke motiva slik dei trer fram i fleire tekstar. Ein kan ha ein motivisk inngang til Fosse sine dikt, til dømes: «Korleis er heimen/havet/barnet skildra her?», seier Skarstein.

Jon Fosse har faste motiv som går igjen, men dei får utvida meining heile vegen.

– Det er også lett å herme etter formuleringar frå forfattaren. Du kan leike med språket, og det er mykje ein kan gjere ut av dette, tipsar Vederhus. 

Sjå på språket

Ein del meiner at Fagfornyinga styrkjer plassen til det litteraturhistoriske i opplæringa. Djupnelæring, kritisk tilnærming til tekst og språket som system, er nokre stikkord. Nynorsken til Jon Fosse gir mykje å fordjupe seg i.

– Du kan sjå korleis han bruker språket. Når du arbeider med Fosse sine tekstar, må du tenkje på språket. Du kan sjå samanhengen mellom det enkle, kvardagslege og det arkaiske. Han speler med syntaks, avbrot, ordstilling, nye og gamle ord. Dei som les, kan oppleve at nynorsk er spennande, seier Inger Vederhus.