• Blogg
  • Litteratur som døropnar til nynorsk

Litteratur som døropnar til nynorsk

14.09.2020

Vigdis Fuglevåg til nettside

Lærar Vigdis Fuglevåg, som underviser i nynorsk som sidemål, meiner at elevane bør få tilgang til gode tekstar på nynorsk.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Privat

Tidlegare i år var Vigdis Fuglevåg faglærar i norsk for elevar på 7. trinn ved Selvik skole i Vestfold og Telemark. Ho var på utkik etter eit leseprosjekt på nynorsk og vart tipsa om leseaksjonen Tid for ti. Foreningen !les samarbeider med Nynorsksenteret om å gje ut ein antologi som inneheld utdrag frå ti gode bøker.

– For elevane var det utruleg positivt å få si eiga bok som dei kunne ha i hendene. Dei likte også at det var stor variasjon i tekstane med tanke på sjangrar, fortel Vigdis Fuglevåg.

Før dei fekk utdelt Tid for ti, snakka dei litt i klasserommet om at tekstane var på nynorsk.

– Eg førebudde elevane på at det kunne vere nokre nye ord som dei ikkje forstod med ein gong, men at dei etter kvart kom til å gløyme at det er nynorsk, seier ho.

Prosjekt over fem veker

I fem veker jobba elevane og norsklærarane på 7. trinn med Tid for ti. Dei hadde to doble norsktimar kvar veke der dei tok for seg ein tekst i kvar dobbeltime.

– Nokre gongar las vi teksten, andre gongar høyrde vi på lydfila. Vi arbeidde mykje med spørsmål som: Kva trur de teksten kjem til å handle om? Vi såg på overskrifter og illustrasjonar, fortel Fuglevåg.

    Gjennom arbeidet med Tid for ti fekk dei arbeidd mykje med lese- og læringsstrategiar i norskfaget.

    – Vi snakka alltid om kva for sjanger vi kunne plassere tekstane i, og vi prøvde å finne sjangertrekk, seier Fuglevåg.

      Dei brukte også mykje av oppgåvene som Nynorsksenteret og Foreningen !les hadde laga.

      – Dei var lette å ta i bruk, samstundes som vi gjorde enkelte tilpassingar til vårt klasserom. Vi ville at elevane skulle lese mykje og ha eit munnleg språk. Dei las anten to og to for kvarandre eller høgt i klassa, seier læraren ved Selvik skole.

      Nokre gongar fekk elevane i lekse å lese inn lydfiler.

      – Det var kjempespennande å høyre på alle dei ulike lydfilene, og elevane syntest det var kjempegøy å lese inn, seier Fuglevåg.

      Gode tekstar

      Det er fleire grunnar til at Vigdis Fuglevåg fekk lyst til å prøve Tid for ti.

      – For det første skal vi ha nynorsk som sidemål. Å finne dei gode tekstane på sidemål på eiga hand er ikkje alltid så lett, så eg synest det var fint med hjelp til å finne dei, meiner ho.

        Tid for ti er eit opplegg som skal vere enkelt for lærarane å ta i bruk i klasserommet.

        – Mange av dei tekstane som finst i lærebøkene, er så utruleg lange fordi elevane skal ha så og så mange prosent nynorsk i løpet av eitt år. Det er ikkje alltid desse tekstane treffer målgruppa, og det kan igjen føre til at elevane ikkje får gode opplevingar med nynorsk. Det er veldig synd, når det finst så mykje som er bra, seier Vigdis.

          Ho meiner det er svært viktig at tekstutvalet gir elevane gode opplevingar med nynorsk, og der føler ho Tid for ti treffer blink.

          – Nokre av tekstane var så spennande at elevane ville låne bøkene for å få lese heile historiene, fortel Fuglevåg.

            Kreativ skriving

            Tekstane inspirerte også elevane til å skrive eigne tekstar: Kva skjer vidare? Kvifor seier han/ho det? Ei anna skriveoppgåve var at elevane skulle skrive sin eigen biografi.

            – Fleire prøvde å skrive på nynorsk, dei slo opp ord og var veldig ivrige.

            – Har elevane vore borti nynorsk tidlegare?

            – Ikkje i nokon stor grad. Det har vore nokre dikt og songar, små tekstar, men dei har ikkje jobba veldig konkret med akkurat berre nynorsk, seier Fuglevåg.

              Vigdis Fuglevåg merkar at ein del elevar kan vere negative til nynorsk i utgangspunktet.

              – Eg trur at det å fokusere på nynorsk litteratur framfor grammatikk kan vere ein fin inngangsport til nynorsken. Eg trur dei aller fleste elevane på 7. trinn fekk eit veldig positivt møte med sidemålet gjennom Tid for ti. Dei opplever etter kvart at det går heilt fint å lese på nynorsk, seier Vigdis Fuglevåg.

              Fem grunnar til å vere med på Tid for ti
              1.) God kvalitet på tekstane
              2.) Tekstar i ulike sjangrar
              3.) Lærarrettleiing som er enkel å ta i bruk
              4.) Lydfiler til tekstane
              5.) Eit prosjekt som ein kan jobbe med over tid

              Her kan du melde skulen på Tid for ti.

              Påmeldingsfristen er 6. november.
              Kontakt ole@foreningenles.no viss du har spørsmål.