• Blogg
  • Ytring: Målblind

Ytring: Målblind

10.02.2016

Nynorskbok

Tekst: Torgeir Dimmen

Eg har ein kamerat som er målblind. I alle fall nesten. Han bur like utanfor Oslo og likar å lese bøker. Han er med i ei litteraturgruppe som møtest av og til for å diskutere bøker. Ingen av dei fem godt vaksne karane i gruppa skriv nynorsk til vanleg, og ingen av dei er norsklærarar.

Opp gjennom åra har mange slags bøker av ymse forfattarar stått på programmet i litteraturgruppa. Dei fleste titlane har vore på bokmål, men innimellom les dei også romanar på nynorsk.

Dermed er eg ved poenget, fritt sitert etter kameraten min: «Dersom boka er god, tenkjer eg ikkje over om ho er skriven på bokmål eller nynorsk. Det viktige for leseopplevinga er godt språk og god formidlingsevne, ikkje målforma.»

Slik skal det vere. Å vere målblind er bra, ikkje berre for vaksne lesehestar på Austlandet, men for bokmålsfolk i alle aldrar overalt. For sjølv om ein mange stader i Noreg ser lite nynorsk skrift i omgivnadane rundt seg, er dei aller fleste nordmenn reelt sett tospråklege – minst. I alle fall om ein ser på lesekunne og forståing av talt nynorsk.

Det er ein myte at nynorsk er vanskeleg. Dersom ein rett etter ei Dagsnytt-sending spør ein gjennomsnittslyttar om kva målform programleiaren brukte, vil dei aller fleste ha store problem med å svare.

Vi arbeider for at kvalitetslitteratur på nynorsk skal nå ut til flest mogleg born og unge, også i område der bokmålet dominerer. Dei vil då oppleve at denne litteraturen slett ikkje er vanskeleg tilgjengeleg, men at han tvert om kan gi nye og store leseopplevingar.