• Blogg
  • Nasjonal nynorskkonferanse på Hamar

Nasjonal nynorskkonferanse på Hamar

12.08.2019

Innleiarar Nynorskkonferansen 2019

Velkomen til Nynorskkonferansen 19.–20. november på Hamar.

Nynorsksenteret inviterer lærarar, lærarutdannarar og alle andre som er opptekne av god nynorskopplæring, til nasjonal konferanse 19.–20. november. Staden er Hamar, i Høgskulen i Innlandet sine lokale.

Nye læreplanar for alle fag kjem i haust. Frå hausten 2020 skal dei takast i bruk på alle klassetrinn. Fagfornyinga vil derfor setje sitt preg på skuleåret 2019/2020. Nynorskkonferansen 2019 er eit tilbod som går rett inn i denne prosessen, og vi vonar mange er interesserte i å få oppdatert kunnskap om nynorskopplæring i morgondagens skule.

Hovudinnleiarane den første dagen er Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Christian B. Bjerke, leiar i fagplangruppa. Kåre Kverndokken, dosent i norskdidaktikk, vil fortelje om korleis ein kan arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene på ungdomstrinnet og vidaregåande. Andre dagen blir det innlegg ved Siv Måseidvåg Gamlem, medlem av Utdanningsdirektoratet si ekspertgruppe om vurdering.  Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun avsluttar konferansen med foredraget Det norske språkmangfaldet: Ein lapskaus, eit villnis eller ein god gin og tonic?

I tillegg blir det fleire parallellsesjonar med ulikt perspektiv. Det vil bli seminar både om sidemåls- og  hovudmålsopplæring og for ulike klassetrinn. Det vil også vere ein eigen sesjon for lærarutdannarar.

Under Nynorskkonferansen 2019 kan du få oppleve «Ein kveld med Tore Renberg» på Hamar kulturhus. I den særeigne framsyninga blandar vår tids mest lesne rogalending sjangrane litteratur, teater, musikk og standup.

Program Nynorskkonferansen 2019

Meld deg på her

Viss du har spørsmål, kontakt gjerne ingvild@nynorsksenteret.no.

Velkomen til Nynorskkonferansen 2019 på Hamar!