Nynorskveka 6.–12. mai 2025
22.04.2025

6.–12. mai 2025 vert Nynorskveka markert i skular og barnehagar. Her finn du tips til opplegg som du kan bruke.
For barnehagen

Vår og sommar i barnehagen (PDF)
I denne PDF-en finn du tips om bøker og songar som handlar om vår og sommar.

Musikk, rim og regler
Songar, vers, rim og regler på nynorsk.
For barneskulen

Bok på 1-2-3: Oskar og eg (1.–4.)
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk og kunst og handverk med tema folkehelse og livsmeistring.

La elevane lage podkast med boktips
I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.
For ungdomsskulen

Våren er her!
Ta med deg elevane ut, sug inn inntrykka av naturkulissane og la elevane skrive eit assosiasjonsdikt som har våren som tema. I undervisingsopplegget finn du også forslag til korleis ein kan jobbe med vårbingo, skodespel, frodige diktutstillingar og spelelister med utgangspunkt i våren.

Hiphop – ordboka som kreativt verktøy
I dette opplegget skal elevane skriva ein rapp om heimstaden sin, og i arbeidet får dei læra å nytta nettordboka som eit kreativt verktøy for å finna rim og gode uttrykk.

30-leiken
I 30-leiken skal elevane finne postar i naturen og samarbeide om å løyse grammatiske oppgåver.

Lag ei litteraturløype!
I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med å lese og tolke lyrikk og bruke tolkinga si som utgangspunkt for å lage ei litteraturløype.
For vidaregåande

Arbeid med tekstskriving og grammatikk samtidig
Skriv ein kort tekst og jobb litt med grammatikk samtidig! Inspirasjon til å starte skrivinga får elevane frå eit bilde.

Jobbsøknadar, stillingsutlysingar og adjektiv
I stillingsutlysingar finn vi ulike adjektiv, som skal passe på den som søkjer jobben, på sjølve arbeidsplassen eller på arbeidsoppgåvene. Her skal vi sjå nærare på bruken av adjektiv, nokre oppgåver om grammatikk og korleis du kan skrive ein jobbsøknad eller ei stillingsutlysing sjølv. Desse oppgåvene høver med læreplanmåla både i norsk og utdanningsval.
Nynorske bøker

Nynorskbok.no
Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.
På nettsida til Noregs Mållag kan du lese meir om Nynorskveka.