Jobbsøknadar, stillingsutlysingar og adjektiv

Ein ung mann søkjer ein jobb2

Mange ungdommar er ute etter å finne seg ein jobb, enten nå eller på eit seinare tidspunkt i livet. På sidene til Nav finst mange ulike jobbar å søkje på, men mange av dei krev utdanning og erfaring. Andre jobbar blir ikkje lyste ut, men ein kan få seg ein sommarjobb ved å ta direkte kontakt med ein arbeidsplass ein kjenner til.  

I stillingsutlysingar finn vi ulike adjektiv, adjektiv som skal passe på den som søkjer jobben, på sjølve arbeidsplassen eller på arbeidsoppgåvene. Her skal vi sjå nærare på bruken av adjektiv, nokre oppgåver om grammatikk og korleis du kan skrive ein jobbsøknad eller ei stillingsutlysing sjølv. Desse oppgåvene høver med læreplanmåla både i norsk og utdanningsval. 

Her er nokre døme på stillingar som har vore ledige: 

Jenna anderson Aoa8 HN558w unsplash

Oppgåver:

  1. Sjå på dei tre stillingane som har vore utlyste. Kva adjektiv finn du i tekstane som skal passe på den personen annonsane søkjer etter? Er det likt i dei tre stillingsutlysingane? 
  2. Dersom du skulle søkje ei av desse stillingane, kva adjektiv ville du bruke for å framheve deg sjølv som person? Er det nokon adjektiv du ville unngå å ta med? Kvifor? 
  3. Finn minst tre adjektiv du vil bruke på: 
    1. heimstaden din 
    2. ein middagsrett du liker 
    3. ein bukett med roser 
    4. Erling Braut Haaland 
    5. ein katt
      Er karakteristikkane positive, negative eller objektive? Samanlikn dine adjektiv med dei ein klassekamerat har skrive. Diskuter skilnader og likskapar, og om adjektivbruken gir ulike inntrykk av den/det som blir skildra.  
  4. Tenk på ein kjent person, eller lag ein fiktiv person. Lag eit tankekart med eigenskapar, der du har med både indre (snill, omsorgsfull) og ytre (mørkhåra, tannlaus) karakteristikkar. Skriv deretter ei kort personskildring. 
  5. Korleis vil du skildre denne personen på bildet så objektivt som du kan?   
  6. Finn dei mest sentrale verba i stillingsutlysingane, og bøy dei. Er dette svake eller sterke verb? Forklar skilnaden mellom svake og sterke verb til læringspartnaren din. Gir dei verba som er brukte, deg meir eller mindre lyst til å søkje stillinga? Grunngi svaret ditt. Les gjerne Sterke og svake verb, kva er det?  
  7. Finn nokre substantiv av kvart kjønn, og bøy dei.  
  8. Skriv ein søknad på ein sommarjobb du kan tenke deg. Du kan finne ei stillingsutlysing på www.nav.no, eller du kan sende ein open søknad til ein arbeidsplass du kjenner til. Her finn du ein grundig gjennomgang av korleis du kan skrive ein jobbsøknad
  9. Tenk deg eit framtidig yrke. Kva eigenskapar trur du er viktigast å ha i dette yrket? Diskuter med læringspartnaren din korleis ulike yrke treng folk med ulike eigenskapar. Skriv stillingsutlysinga til dette yrket.  
  10. Arbeidsmarknaden i Noreg er relativt kjønnsdelt. I kva yrke arbeider det flest kvinner? Og i kva yrke arbeider det flest menn? (Finn ein statistikk du kan bruke.) Kva argument ville du bruke for å overtale ein medelev om å velje utradisjonelt? Lag ei liste med fem argument. 
  11. Dokker skal tilsetje ein ny medarbeidar i firmaet dokkar, og dokker vil lyse ut stillinga i lokalavisa. Dokker bestemmer sjølv kva type firma dokker har, og kva person dokker treng.   Skriv stillingsutlysinga.  
  12. Skriv ein søknad på stillinga til den framtidige draumejobben din 
  13. Diskuter i klassen kva rettskriving og val av ord har å seie i ein jobbsøknad.  
  14. Diskuter fordelar og ulemper med å la kunstig intelligens (KI) skrive ein jobbsøknad for deg.  

Oppgåvearket kan du skrive ut her: Oppgåveark (docx)

Andre oppgåver

Kvifor vel både jenter og gutar tradisjonelle utdanningar? Her finn dokker meir om å arbeide med kjønnsdelte utdanningsval. Sjekk også www.utdanning.no.  

Nokre aktuelle saker frå Framtida.no: