Om å starte tidleg med nynorsk i bokmålsklassar
22.06.2017
«God i både nynorsk og bokmål allereie på barnesteget?» Dette er tittelen på ein artikkel Benthe Kolberg Jansson og underteikna publiserte i Norsklæraren 1/2017.
Av Hilde Traavik, dosent i norsk, Høgskulen på Vestlandet
Artikkelen, som nå også ligg her på nettsidene til Nynorsksenteret, handlar om eit forskings- og utviklingsprosjekt som blei gjennomført i fleire klassar på barnetrinnet (3. til 7. trinn) for få år sidan. Eg skal i dette innlegget gjere kort greie for korleis vi arbeidde i «min» prosjektklasse, som eg følgde frå 4. til 7. klasse. (Dette er nærmare skildra i artikkelen.)
Det mest vanlege er jo at bokmålselevar begynner med skriving på nynorsk først eit godt stykke ut på ungdomstrinnet. Vi meiner det er å gjere elevane ei bjørneteneste å begynne så seint, mellom anna fordi kompetansemåla i norskplanen etter 10. trinn legg opp til at elevane skal ha same kompetanse i skriving på både bokmål og nynorsk. Difor ville vi utforske tidleg start med skriving på nynorsk, på både småskole- og mellomtrinnet.
Gjennom Nynorsksenteret kom Jansson i kontakt med ei gruppe lærarar som arbeidde godt med skriving på begge målformer allereie på småskoletrinnet, og dette blei utgangspunkt for prosjektet vi gjekk i gang med.
Den tidlege starten med skriving og lesing på nynorsk i «min klasse» dreidde seg først og fremst om at elevane fekk lærebøker på nynorsk i samfunnsfag på 5., 6. og 7. trinn. Dessutan snakka læraren – og somme gonger underteikna – ofte med elevane om likskapar og skilnader mellom bokmål og nynorsk og mellom nynorsk og dialekten deira. Elevane vart oppmoda til å prøve å skrive på nynorsk i samfunnsfag og somme gonger også i norskfaget. I tillegg las læraren – og somme gonger underteikna – høgt for elevane frå gode skjønnlitterære bøker på nynorsk. Til dømes var Rune Belsviks Forteljingar om Jolver ein fulltreffar. Det var altså relativt enkle pedagogiske tiltak som vart gjennomførte i klassen.
Mens Jansson og eg arbeidde med å skrive artikkelen som er publisert i Norsklæraren (og no altså også på nettsidene til Nynorsksenteret), fann eg ut at det ville vere interessant å finne ut korleis elevane i prosjektklassen min, som då var nesten ferdige med ungdomssteget, klarte seg i nynorsk. Eg greidde å spore opp norsklærarane til 15 av dei 20 elevane, og det vart eit positivt møte. Som vi har skrive mot slutten av artikkelen, visste dei tre lærarane ikkje noko om prosjektet elevane hadde vore med på, men ein av lærarane sa (som nemnt i artikkelen) at «Nå fall ting på plass for meg». Ho hadde undra seg over at fleire av elevane hennar var så ualminneleg flinke i nynorsk. Dei to andre lærarane hadde same erfaring. Så godt som alle elevane som kom frå prosjektklassen min og hadde fått starte med skriving på nynorsk allereie på 5. trinn, hadde karakterar godt over gjennomsnittet i klassane. Tidleg start ser altså ut til å nytte!