• Blogg
  • Ytring: Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk

Ytring: Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk

04.11.2016

Ragnfrid Trohaug Foto Kristin Aafløy Opdan 825x510

Det er vanskeleg å bruke fotballmetaforar utan å hamne i klisjéfella, men eg kan ikkje anna. For når eg tenker på mitt forhold til dei to ulike skriftvariantane av norsk, når eg tenker på bokmål og nynorsk, kjenner eg med éin gong lukta av nordnorske grusbanar og kjensla av forstadsliv nord for polarsirkelen på åttitalet, eg hugsar attende til den gongen lærar heitte frøken og sekk var ransel. Eg hugsar kjensla av lærelyst og utprøving, eg hugsar triksing med fotball og bokstavar, om einannan. Eg hugsar då eg skjønte at det var lurt å vere god på begge bein.

Av Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør for barne- og ungdomslitteratur ved Samlaget

Eg spelte fotball med venstrefoten. La innlegg, sendte pasning og skaut på mål med venstre. Det gjekk bra. Eg fekk det til, for eg var god på venstre. Men ein ettermiddag, ein av dei mange ettermiddagane Bjørn-Tore og eg stod på fotballbanen rett ved heimane våre, ein ettermiddag gjekk det opp for meg: Eg var jo berre god på ein fot! BERRE EIN! Kor idiotisk var ikkje dét når eg kunne vere god på begge føtene! Eg stod der på fotballbanen med dei holete målnetta og irriterande groper og grastustar langs midtbanen, eg stod der og hadde fått ei openberring: eg måtte bli god på høgrefoten også.

Det var innlysande; eg kunne få til dobbelt så mykje, om eg trena opp høgrefoten til å lystre like godt som venstre. Det var vel dette mor mi også tenkte, då ho la til rette for det som seinare er blitt heitande «tidleg start med nynorsk». Lektormor mi let oss få nynorskutgåva i Bokklubbens Barn; alle omsette bøker kom på begge mål, så Tordivelen flyg i skyminga, Mary Jane, Albert Åberg, Labanspøkelse og mange andre var nynorske for meg. Dette blei følgd opp med at vi ungane heime måtte skrive åttitalets smsar, altså lapp på kjøkkenbordet, på nynorsk: «Eg er hos Ellen og dei. Kjem heim før trening.» Sånn styra vi på der oppe i einkanalssamfunnet, Nord-Noreg. Ho Frøken gjorde sitt: ho oppmuntra til all slags skriving: bokmål, nynorsk, baklengs, røvarspråket, alt kva vi måtte kjenne for å teste ut. Vi byungane låg og vaka språkleg mellom det nynorsknære og det radikale bokmålsnære, foreldra våre kom frå bygdene og sa: «ikkje», «heime», «vatn», «vart», vi kom frå byen og sa: «ikke» «hjæmme», «vann», «blei». Nokre få vaksne rundt oss var kloke nok til å utnytte denne doble språkkompetansen vår. Det er eg glad for, fordi vi blei veldig mykje rikare av å få lov til utforske begge måla på eit tidleg tidspunkt. Eg blei vel rikast av alle, i og med at eg hadde ein heim som oppmuntra skriving på begge mål. I femteklasse fekk vi stiloppgåva «drama på isen». Automatisk tenkte eg at den forteljinga måtte skrivast på nynorsk, fordi drama på isen var noko som skjedde i gamle dagar, då dei hoppa frå isflak til isflak. Og denne historia blei skriven på nynorsk, og det var mogleg, fordi eg hadde vore så heldig å få lov, både heime og av ho Frøken, til å leike med sidemålet, leike med nynorsken så tidleg som i 2. klasse på barneskolen. Eg meistra det språket eg kjente fortellinga trong.

I praksis er eg kanskje eit av dei mest vellykka døma på språkleg jamstilling, eg held framleis på med denne språklege triksinga og vekslinga; eg har ikkje skilt meg frå det radikale bokmålet som «ho frøken» lærte oss på barneskolen, eg blir varm om hjartet når eg tenker på det språket vi fekk i hendene av henne der i Nord-Noreg på åttitalet. Vi lærte at vi ikkje kunne skrive «i lamme», men vi trong ikkje skrive «sammen med», vi kunne skrive «i lag» med. Eg utøver språkleg polygami kvar einaste dag. Nynorsk på arbeid, i sosiale medium, i sms-ar til ein haug av vennene mine, bokmål på handlelister, i sms-ar til den danskspråklege mannen min, i eksamensskriving, og epostar til offentlege instansar går på nynorsk eller bokmål, alt etter impuls og humør. Denne heilt naturlege, og for nokre uforståelege schizofrene vekslinga, hadde ikkje vore mogleg utan ein viktig ting: tidleg start. Og ikkje utan to viktig damer: ho Frøken og mor mi. Dei gav meg høve til å bli god i sidemålet mitt, slik la dei grunnlaget for ei reell språkleg jamstilling, det er eg uendeleg takksam for. Det er nemleg lite som er så godt som å vere god på begge bein og i begge mål.