Rakel blir filmstjerne
02.02.2021
Nynorsksenteret har laga ein ny animasjonsfilm som viser kva senteret kan tilby.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen
Arild Torvund Olsen kom på ideen og har vore prosjektleiar for animasjonsfilmen.
– Kvifor laga Nynorsksenteret denne filmen?
– No for tida er det vanskeleg å reise rundt og møte målgruppa vår for å informere dei om kva Nynorsksenteret kan tilby. Dermed kom ideen om å la den teikna medarbeidaren vår, Rakel, reise rundt på internett og informere i staden, seier Arild.
Teiknseriefiguren Rakel
Kristoffer S. Mathisen har illustrert for Nynorsksenteret i ti år. Han har mellom anna teikna Rakel, som er ein del av teikneserien Nynorsk på 1-2-3. I heftet fortel teikneseriefiguren Rakel det ein treng kunne for å unngå dei vanlegaste feila i nynorsk.
– Rakel dukka opp i 2011, då Ingrid Slettevoll og eg fann ut at vi ville prøve å ta i bruk teikneseriar for å formidle språkkunnskap. Ein som kan alt, er eit orakel, så då vart den språkkunnige teikneseriefiguren til «ho Rakel», fortel Arild.
No har Rakel blitt filmstjerne. Are Edvardsen har animert, og Anne Marta Vinsrygg Vadstein står bak røysta.
Bruk av humor
Som manusforfattar bruker Arild humor både i animasjonsfilmen og i Nynorsk på 1-2-3.
– Ofte er det slik at feilskrivne ord ikkje vert plukka opp av stavekontrollen, av di feilskrivinga er identisk med andre, rette ord. Så då handlar det om å finne artige situasjonar der slike feilskrivingar gjev ei anna tyding til situasjonen. Som at skrivefeilen «motivasjonen er lav» tyder noko heilt anna enn «motivasjonen er låg», eller at «å viske i øyret» tyder noko anna enn å «kviskre i øyret», forklarer Arild.
– Kva rolle kan humor spele i nynorskopplæring?
– Bruk av humor og visualisering gjer at det kan vere lettare å hugse på eit språkleg poeng. I tillegg gjer humoren at mange får lyst til å dele språkkunnskapen i sosiale medium. Nynorsk på 1-2-3-stripene er det mest delte innhaldet vi har på Nynorsksenteret, seier Arild.