• Blogg
  • Samisk ungdomslitteratur

Samisk ungdomslitteratur

05.02.2021

Nina biblioteket beskjært

«Dei tradisjonelle forteljingane til samane kan bli moderne fantasy-historier. Ungdommar seier dei kjenner seg igjen, og liker desse bøkene», fortel bibliotekar Nina Ødegaard i denne bloggteksten.

Tekst: Nina Ødegaard

Etter mange år som bibliotekar på Samisk videregående skole Karasjok, og etter å ha skrive ei masteroppgåve om lesevanane til elevar med nordsamisk som førstespråk, har eg kome til den konklusjonen at samisk ungdom er akkurat som annan ungdom i Noreg: Mange les berre det dei må lese på på skolen, og nokon få les svært mykje – og då les dei mest på engelsk. Samisk og norsk litteratur vel dei bort. Det er kanskje ikkje så rart at dei ikkje les så mykje på samisk, for utvalet av samiskspråklege romanar for dei mellom 16 og 20 år er sparsamt.

Om nokon tvingar meg til å lese ein fantasy-roman, får eg kløe i heile kroppen, blir ukonsentrert og vil gjere alt anna enn å lese. Slik har elevane det òg. Om ein skal bli ein god lesar og like å lese, må ein ha tilgang til litteratur som fengjer ein sjølv. Bøkene må ha godt språk og ikkje vere for vanskelege eller for lette. Det gjeld om ein les på engelsk, norsk eller samisk. Heldigvis har ein i dag nokre bøker å velje blant, og eg til trekke fram nokre få ungdomsromanar på nordsamisk.

Katja Ny Gammel beskjært
Ny og gamal utgåve av Kátjá.

Den første ungdomsromanen

Den første samiskspråklege ungdomsromanen som kom ut, var Kátjá av Elle Márjá Vars. Boka kom på nordsamisk i 1986, på norsk i 1988, og i 2020 kom ho igjen ut på nordsamisk. Boka handlar om Kátjá som kjem frå ein samisk familie, men når ho begynner på skolen, må ho flytte på internat. Her møter ho konfliktar mellom det tradisjonelle samiske miljøet og det moderne, men der er og plass til litt kjærleik og vennskap. Det var slik mange samiske barn og unge hadde det då dei vaks opp. Vars har skive mange bøker, og ungdomsromanen Čábbámus iđitguovssu (2004) blei òg populær. Han passar best for elever i ungdomstrinnet. Denne boka er omsett til engelsk av Laura A. Janda, og har fått tittelen The Most Beautiful Dawn (2013).

Saret Anne Sara beskjært

Fantasy og tradisjon

I motsetning til meg likar ungdom fantasy-sjangeren, og Máret Ánne Sara er ei som har brukt forteljingar og mytar frå den samiske tradisjonen i sine fantasy-romanar for ungdom. I Ilmmiid gaskkas (2013) og Doares bealde doali (2014) følgjer vi to søsken som blir fanga i verda til dei underjordiske, og som reinsdyrskapnader reiser dei mellom menneska si verd og verda til dei underjordiske. I bøkene viser Sara at handlingar som blir gjorde i verda til menneska, skaper problem hos dei underjordiske.

Sjølv om vi plasserer desse bøkene i fantasy-sjangeren, er ikkje alle elevar einige i at dette er fantasy. Dei seier at historiene og skapningane i bøkene er slike dei har høyrt om heile livet, dei er på ein måte ein del av verkelegheita deira. Og nettopp derfor likar dei desse bøkene. Dei kjenner seg att. Sara har også lese inn bøkene, og dei kan ein høyre både på CD og som lydfiler i for eksempel biblioteka si ebok-app, Bookbites. Dermed er dei tilgjengelege både for dei som les og dei som lyttar. Dei er og omsette til norsk: Mellom verdener (2014) og Utenfor sporet (2019).

I 2018 blei Sametingsrådets redegjørelse om samisk litteratur vedtatt, og året etter kom Samisk litteraturstrategi (2019). Her blei det blant anna peikt på at utvalet av samisk ungdomslitteratur var lite. Med desse dokumenta fekk dei samiske forlaga ein større handlefridom til sjølv å bestemme kva dei ville publisere, og nokre valde òg at dei ville omsetje bøker til samisk. For å få fleire til å skrive på samisk for ungdom, starta Sametinget, saman med Samisk kunstnerråd og Samisk forfatterforening, forfattarstudiet Čális fal! (Skriv, da vel!). Prosjektet har så langt resultert i to antologiar, In mun goit (2017) og Diet almmái ii hála das maidege (2019), og blant anna ungdomsromanen Hamburgerprinseassa (2017) av Saia Stueng.

Kathrine Nedrejord beskjært
Kathrine Nedrejord har skrive fire romanar for ungdom i ungdomsskolealderen.

Omsett til samisk

I 2019 blei den dystopiske fantasy-romanen Jápmingilvu gitt ut på Sánit forlag. Dette er ei omsetning av Suzanne Collins første bok i The Hunger Games-serien. På norsk heiter boka Dødslekene (2008). I denne historia må 16 år gamle Katniss delta i verdas mest dødelege tv-show, og regelen er enkel: drep eller bli drepen. Det er Thomas Hansen frå Billefjord i Finnmark som har omsett boka. Dette er eit modig prosjekt, i og med at boka kom på norsk elleve år tidlegare. Men det er fantasy!

Kathrine Nedrejord har røter i Karasjok og Finnmark, men ho skriv ikkje sjølv på samisk. Ho har skrive fire romanar for ungdom i ungdomsskolealderen. Handlingane i alle bøkene er lagde til Finnmark og til den samiske kulturen. Det er tøffe tema Nedrejord skriv om: Seksuelle overgrep, mobbing og samehets, assimilering, homofili, men sjølvsagt og kjærleik og vennskap. Den første ungdomsboka er omsett til samisk, med tittelen Gii mun lean go don leat jávkan? (2018), og ho passar og godt for elevar på Vg1.

I november 2020 ga Sunna Kitti ut teikneseriefortejinga Jiehtanasa iđit. Ho blei ein favoritt mot slutten av året, spesielt blant gutane. Kitti har laga ei fortejing som er eit framhald av samanes nasjonalepos, Solsønnens frieri i jettenes land, skrive av Anders Fjellner. Hovudpersonen, guten Issát, finn ei gammal verd på sida av den nordlegaste stjerna, og der styrer dei siste jettane. Teikneserieforteljinga kjem òg på norsk, og då med tittelen Jettenes morgen.

Det finst sjølvsagt fleire, både romanar, novellesamlingar, lyrikk og teikneseriar. Det finst originalskriven tekst og omsett litteratur. Men dette var ein smakebit på det eg ser elevane på min skole les. Om ein vil finne ut meir om litteratur som er gitt ut for barn og unge, er bloggen Samisk bibliotektjeneste ein svært bra nettstad å søke i. Der blir alt av samisk litteratur presentert både på nordsamisk og norsk.

Kjelder

Sametinget (2018). Sametingsrådets redegjørelse om samisk litteratur. Karasjok: Sámediggi-Sametinget. Hentet 31. januar 2021 fra Strategier, redegjørelser og rapporter - Sametinget

Sametinget (2019). Samisk litteraturstrategi. Karasjok: Sámediggi-Sametinget. Hentet 31. januar 2021 fra Strategier, redegjørelser og rapporter - Sametinget

Sámi dáiddárráddi-Samisk kunstnerråd: Čális fal. Hentet 31. januar 2021 fra https://samidaiddar.no/no/tjenester/prosjekter/

Samisk bibliotektjeneste. Hentet 31. Januar 2021 fra http://samiskbibliotektjeneste.tromsfylke.no/lister-samisk-barne-og-ungdomslitteratur

Ødegaard, N. (2020). "Hvis vi ikke har litteratur på samisk, har vi vel egentlig tapt". Oslo: OsloMet. Hentet 31. januar 2021 fra https://oda.oslomet.no/handle/10642/9178