• Blogg
  • Styrker nynorsk med konkurransar

Styrker nynorsk med konkurransar

08.06.2020

Illustrasjonsfoto Til Sak Om 8 Trinn

Lærarar ved Rå ungdomsskole samarbeider om å lage god nynorskopplæring. Frå venstre: Maria Edvardsen, Emil Andreas Fjær, Anne-Marte Lønstad, Anita Steinsbø Støfring og Ida Heradstveit. 

Lektor Anita Steinsbø Støfring hjelper elevane på 8. trinn til å bli gode nynorskbrukarar gjennom spel og konkurransar. Alias, Gruble og stafett på nynorsk motiverer elevane til å bli flinkare i nynorsk sidemål.  

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Foto: Bjørn Snorre Andersen

Anita Steinsbø Støfring har studert «Rettskriving i nynorsk og bokmål: Ein studie av substantiv og verb i tekstar skrivne av elevar på 7. trinn». Masteroppgåva frå 2019 vart skriven ved Høgskulen på Vestlandet. I fjor haust fekk ho jobb på Rå ungdomsskule i Bergen, og ho vart kontaktlærar for 8. trinn.

Etter to månadar med heimekontor frå mars til mai, er ungdomsskulelæraren no tilbake i klasserommet att, men berre annankvar dag. Dei må dele klasserom med 9. trinn, medan avgangselevane på 10. trinn har fått vere på skulen kvar dag.

Små drypp med nynorsk

I perioden med heimeskule har Støfring mellom anna satsa på å gje elevane små heimeoppgåver på fem til ti linjer. Elevane har til dømes skrive blogginnlegg eller ein kort 17. mai-tale. Slike små drypp med nynorsk opplever ho at elevane synest er overkomeleg. 

Alias og Gruble i ny drakt

Støfring prøver å gjere sidemålsundervisninga i nynorsk artig. Å spele spel som Alias og Gruble på nynorsk har vore populært. Då skriv Støfring på Alias-kort på nynorsk. For å få rett må elevane skrive ordet rett og ikkje berre seie det. I Gruble kan elevane få fleire kategoriar som øver elevane i rettskriving, til dømes å skrive substantiv, verb eller adjektiv på nynorsk. 

– Elevane er glade i konkurranse, seier Støfring, og det er noko ho nyttar i sidemålsundervisninga. 

Dermed har det blitt nynorskstafett. Då henger ho opp setningar på nynorsk ute i skulegarden, så må ein elev på kvart lag springe ut og memorere ei setning, springe inn att og skrive ho ned rett. Dersom dei skriv feil, må dei ut att og memorere på nytt til dei får det rett. Så er det neste elev på laget sin tur. 

Ser på feil som går att

Når Anita Steinsbø Støfring jobbar med rettskriving, ser ho på feil som går att. Ho plukkar ut setningar frå alle elevtekstane og delar ut att til elevane.

– Så skal elevane skrive setningane på ein betre måte, fortel Støfring.

Då finn elevane stort sett feila og klarer å skrive betre nynorske setningar. Ho fortel det er mange som blandar liten og stor forbokstav. Elevane skriv i Chromebook, og skriveprogrammet deira rettar ikkje automatisk til stor forbokstav etter punktum. Andre typiske feil er feil med og/å, komma og punktum. Sjølv om elevane er flinke å finne feil i rettskrivingsoppgåver, så skriv dei framleis feil i eigne tekstar. 

Bruk ordbok

Ord blir ofte feil skrivne. Ofte kan elevane starte ein tekst med eg og ikkje, og så skriv dei «jeg» og «ikke» lenger nede i teksten.

– Vi minner elevane på at dei må slå opp i ordboka ofte, fortel Støfring. Ho fortel at dersom elevane tippar, så endar det opp med mykje artige ord.

Når elevane får jobbe med nynorsk, så blir dei betre i sidemålet sitt.

– Det blir kjekkare når dei får det til, smiler Anita Steinsbø Støfring. 

Munnlege tilbakemeldingar

På Rå ungdomsskule er der seks norsklærarar som jobbar saman ein time i veka. Støfring opplever dette som eit godt og viktig samarbeid, og spesielt bra for nytilsette. Norsklærarane tipsa ho om munnleg tilbakemelding på elevtekstar med bruk av videoprogrammet Screencast-O-Matic. Gjennom dette programmet har Anita Steinsbø Støfring gjeve munnlege tilbakemeldingar til elevane på deira nynorske tekstar. Ho filmar skjermen så elevane ser teksten sin samstundes som Støfring les inn ei tilbakemelding. På denne måten er det også litt personleg. Ho kan av og til merke delar i teksten med fargekodar for å gjere elevane merksame på det som er bra, og det som må jobbast meir med. Til dømes at det som er merkt med gult, er noko eleven må sjå nærare på, og det som er merkt med grønt, er bra. 

– Ein del av identiteten min

Elevane har nyleg lært om identitet på skulen. Her trekker Støfring fram nynorsk som eit døme.

– Eg er glad i nynorsk. Nynorsk er ein del av identiteten min, fortel Støfring, som kjem frå Jølster i Sunnfjord.

Som student hadde ho fleire medstudentar som var bevisste på valet av nynorsk som skriftspråk.

– Nynorsk fungerer godt når ein skal skrive fagtekstar. Det er eit truverdig språk, seier Støfring.