• Blogg
  • Ønskjer du å heve kompetansen din i nynorsk?

Ønskjer du å heve kompetansen din i nynorsk?

18.02.2021

Hjalmar Eiksund til nettside

Er du lærar og ønskjer å heve kompetansen din i nynorsk? Høgskulen i Volda tilbyr studiet Nynorsk i opplæringa.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Høgskulen tilbyr to kurs innanfor Nynorsk i opplæringa. Det eine har løpande opptak og går som eit nettkurs for alle norsklærarar. Det andre er eit KFK-kurs der søknadsfristen er 1. mars. Kompetanse for kvalitet (KFK) er ei satsing på vidareutdanning for lærarar og skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa for å styrke læringa til elevane.

– Målgruppa for Nynorsk i opplæringa er i utgangspunktet lærarar som arbeider på 8.–13. trinn, men lærarar som arbeider i barneskulen, kan også få utbytte av kurset, seier Hjalmar Eiksund som er emneansvarleg.

Lese- og skrivekurs

Ein del lærarar som arbeider i ungdomsskulen og på vidaregåande, kjenner seg usikre når det kjem til nynorsk. Nynorsk i opplæringa passar både for dei som underviser i nynorsk som sidemål, og for dei som underviser i nynorsk som hovudmål. Nynorsk i opplæringa er tredelt: For det første lærer studentane meir om rolla til nynorsken i samfunnet, for det andre lærer dei meir om nynorske tekstar, og for det tredje lærer dei meir om det didaktiske og metodiske i nynorskopplæringa.

– Dette er eit lese- og skrivekurs der ein skal trene på å bli god i skriftleg nynorsk, i tillegg til å få alt det faglege påfyllet. Det krev ein del skriving og ein del rettleiing på tekst. Ein trenar både på å skrive korrekt nynorsk og på å skrive nynorsk som fagtekst, fortel Eiksund.

Studiet er lagt opp på ein slik måte at det skal gå fint å kombinere med jobb og familieliv, men det krev samstundes at studentane er «påkopla» gjennom heile semesteret.

Nettbasert undervisning

Undervisninga er nettbasert, noko som gjer at norsklærarar frå heile landet har moglegheit til å søkje om opptak.

– Lærarar som underviser i nynorsk som sidemål og nynorsk som hovudmål, kan ha litt ulike inngangar til skriveopplæringa, men samstundes har dei ein del felles utfordringar. Felles for mange er at dei kjenner seg litt utrygge på nynorsk rettskriving, og då kan ein fort kjenne seg utrygg på korleis ein skal tematisere skriftspråket i opplæringa, seier Eiksund.

Mange lærarar kopierer gjerne metodane dei sjølv har blitt opplærte i då dei gjekk på skulen, men språklæring er mykje meir enn grammatikk og glosepugg. Det er dessverre fleire fordommar om korleis språkopplæring skal skje.

– Kvifor er det viktig for norsklærarar over heile landet å ha gode kunnskapar i nynorsk?

– Det enkle svaret er at det står i læreplanen. Elevane skal møte både bokmål og nynorsk frå 1. trinn i grunnskulen. Dei skal utforske forskjellane mellom bokmål og nynorsk i skrift frå 3. trinn, og dei skal skrive utforskande på nynorsk frå 5. trinn og utover. På ungdomsskulen og vidaregåande skal elevane bli vurderte i nynorsk, fortel han. Då er det ein fordel om lærarane sjølve har kunnskapen og kompetansen til å vere trygge nynorskbrukarar.

Trygge språkbrukarar

Hjalmar Eiksund trur uviljen mot nynorsk blant lærarar er overdriven.

– Mange er nok utrygge på eigne ferdigheiter. Men ofte botnar det i at dei sjølve hadde manglande nynorskopplæring som elev eller student. Dette kan føre til at dei sjølve utset undervisninga i nynorsk som sidemål, men då er ein i ein negativ spiral. Dette kan igjen føre til at elevane som dei skal undervise, får eit negativt forhold til nynorsk. Vi tenkjer at det viktigaste er at læraren sjølv blir ein trygg språkbrukar slik at ein er trygg i møtet med elevane og kan gje elevane gode opplevingar, seier han.

Ved Høgskulen i Volda er det fleire tilsette som har spesielt god kompetanse innanfor nynorsk i opplæringa. Dette kjem studentane til gode når dei skal få rettleiing på tekstane sine.

– Kurset er veldig praksisnært, og vi trur det gjev det som lærarane treng når dei skal ut i klasseromma, seier Eiksund.

Her
kan du lese meir om etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar ved Høgskulen i Volda.