• Blogg
  • Valfrie former – kos eller kaos?

Valfrie former – kos eller kaos?

29.09.2017

Kristin Fridtun 3 825x510

Normeringsstridar kjem og går, men valfridomen står. Påstandar om rot og krav om einskap har ikkje vunne fram: Dei norske rettskrivingsnormene er framleis temmeleg vide. Og det er kanskje like greitt?

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Ei verd utan språklege normer er umogleg: Me menneske er sosiale vesen og handlar alltid ut frå ein idé om kva kollektivet forventar av oss. (Me kan sjølvsagt velja å bryta normene, men det føresett nettopp at normene er der.) Dei språklege normene kjem i mange utgåver, men når norske språkbrukarar diskuterer språknormer, er det som oftast tale om rettskrivingsnormene. Eg mistenkjer at ein del språkbrukarar sjeldan eller aldri tenkjer over at det finst andre språknormer òg.

I denne teksta er det nettopp skriftnormene me skal sjå på, og eg skal stutt prøva å svara på desse spørsmåla: Kva er det me gjer når me normerer eit språk? Kvifor normerer me? Er stor valfridom eit gode eller vonde?

Når me normerer eit språk, vel me ut ei grammatisk akseptabel form og opphøgjer henne til «det rette». Sosiolingvist Helge Sandøy utdjupar: «Å fastlegge ‘det korrekte’ er ei sterk markering av kva som skal ha status i samfunnet, og å tildele slik autorisasjon er ei kulturpolitisk handling. Noe og noen får gjennom definisjonen av korrekt eit privilegium» (2008, s. 172–73). Dei som snakkar det språket eller den sosiolekta/dialekta som blir fastsett som «korrekt», har den fordelen at det er stutt veg mellom talen og skrifta, og at talemålet deira vert oppfatta som rett og høgverdig.

Kategoriane korrekt språk og ukorrekt språk er kulturprodukt. Dei har ingenting med språkevna vår å gjera. Frå naturen si side skil me mellom grammatisk akseptabelt og grammatisk uakseptabelt. Denne leddsetninga er uakseptabel, altså i strid med grammatikken vår: «Då drog i går ho …» Denne leddsetninga er grammatisk akseptabel, men ukorrekt: «Når ho drog i går …» (då/når-feil). Så har me den akseptable og korrekte varianten: «Då ho drog i går …»

Sidan me er fødde inn i ein kultur der det korrekte har høg status, har me lett for å bli veldig opptekne av kva som er rett og gale. Det er ikkje uvanleg å kommentera eller le av andre sine skrivefeil – eller å tenkja at dei som har mange skrivefeil, er mindre intelligente. Og det stoggar ikkje der: Sidan det normerte skriftspråket har så høg status og går for å vera «det rette», er det nokon som trur at det korrekte språket er det «eigentlege» språket, og at alt anna er avvik!

Slike tankar er heilt i tråd med dei straumdraga som førte fram til dei fyrste normeringstiltaka. Fram til midt på 1500-talet var det knapt nokon nordbuarar som tenkte at språket måtte vera korrekt i tillegg til grammatisk akseptabelt, men så skjøna den danske kongemakta at språket kunne brukast til å styrkja staten. Det galdt å skapa ei førestilling om «det danske språket» i bunden form eintal: ei klårt definert og sjølvstendig eining med autoritet. Gjennom eit sterkt språk kunne staten demonstrera einskap, orden og styrke.

På 1800-talet slo dette idésystemet ut i full blom. Språkleg einskap signaliserte nasjonal einskap. Ivar Aasen nytta høvet og sa: Men no som Noreg er vorte ein nasjon, må me ha vårt eige skriftmål! Så forma han ut landsmålet. I normalen hans er valfridomen liten, i samsvar med dei rådande tankane i tida, men med eitt viktig særdrag: I staden for å framheva éi dialekt eller sosiolekt valde Aasen å bruka dei mest samlande («demokratiske») formene. Forskarar i nyare tid har peika på at ei stram norm kan vera tenleg når eit språk skal etablerast og vinna terreng, og at ein seinare – når språket har fått feste – kan opna for dialektinnslag, slik ein til dømes har gjort i katalansk (sjå t.d. Nymark og Theil 2011, s. 263).

Kvifor normerer me skriftspråk i dag? Årsakene mange og samansette, men ein påstand me ofte høyrer, er at skriftnormene lettar kommunikasjonen. Påstanden har kanskje noko føre seg, men me må ikkje sluka han rått. Me er vane med stor munnleg variasjon og høyrer dagleg ei rekkje «ukorrekte» former og setningar utan at det hindrar god kommunikasjon. Kvifor er me så fikserte på at skriftmålet skal vera korrekt? Kan det tenkjast at me er opplærte til å tola mindre variasjon i skrift?

Det har støtt vore ein viss variasjon i norsk skriftmål. Korkje Vinje eller Garborg fylgde normalen til Aasen, og då dansk-norsken skulle verta norsk, var fleire former tillatne samstundes. Valfridomen auka med samnorskpolitikken og har som kjent halde stand. Veit me noko om kva verknader valfridomen har? Vel:

  1. Det er ikkje påvist at valfrie skriftformer i seg sjølv har nokon ulemper.
  2. Det er ikkje påvist at dei som skriv norsk (der valfridomen er stor), har fleire skrivefeil enn dei som t.d. skriv svensk og dansk (der valfridomen er minimal).
  3. Dei fleste språk i verda har relativt liten valfridom i skriftnorma, men det at «alle» gjer det på den måten, tyder ikkje at den løysinga er den beste.

(Dersom nokon veit om vitskaplege studiar som provar det motsette av det eg har sagt her, vil eg gjerne bli tipsa om dei, for då har dei gått under radaren min.)

Ein vanleg påstand er at valfridomen skapar eit forvirrande skriftbilete. Men variasjonsbreidda i bokmål er større enn i nynorsk, og variasjonen i det praktiserte bokmålet er òg større enn i den praktiserte nynorsken (Sandøy 2013, s. 124). Kvifor er det (nesten) alltid nynorsk som vert omtala som forvirrande?

Dei av oss som meiner at valfridomen gjev eit forvirrande skriftbilete, konkluderer gjerne med at valfridomen er grunnen til at det vert mange feil i tekster på nynorsk – særleg hjå dei som ikkje er så språksterke. Men det er ikkje opplagt at det er valfridomen som er problemet. Mange synest det er lettare å skriva bokmål enn nynorsk, jamvel om bokmålet òg har valfrie former. Så kanskje problemet ligg ein annan stad? Til dømes i det faktum at nynorskbrukarar les ufatteleg mykje meir bokmål enn nynorsk? Mot det kunne me ha sagt: Sant nok, men nettopp fordi nynorskbrukarar møter språket sitt sjeldnare, er det viktig at dei få tekstene dei ser, har eit einskapleg skriftbilete. Ja, kanskje det?

Men det er ikkje opplagt at løysinga er å stramma inn. Me kan me like gjerne gjera det motsette: vida ut. Ein vanleg feil er å bøya verb av typen diskutera som a-verb (diskuterar, studerar). Dei fleste som gjer det, bøyer desse verba som a-verb i dialekta si. Formene er altså grammatisk akseptable, og dei var dessutan tillatne i nynorsk fram til 1938. Dersom me hadde vida ut norma slik at a-bøyinga vart tillaten att, hadde desse feila blitt borte av seg sjølve – og kommunikasjonen hadde gått like fint.

Lat oss oppsummera:

Mange tillatne former gjer at sjansen for å «treffa riktig» blir større, og at autoriteten i skriftspråket minkar. Dei korrekte formene må då fordela korrektheita mellom seg. Dersom berre éi form er korrekt, blir ho veldig korrekt, og alt anna blir veldig feil (Sandøy 2013, s. 130).

Dei av oss som vil ha strammare normer i nynorsk eller bokmål eller eit anna språk, må difor tenkja gjennom desse spørsmåla: Kva slags former ynskjer eg å fastsetja som korrekte? Kvifor ynskjer eg å opphøgja nettopp desse formene? Kva fylgjer kjem det til å få for andre grammatisk akseptable former?

Siterte eller nemnde tekster:

Nymark, Johannes og Rolf Theil (2011). Dei ukuelege språka. Bergen: Fagbokforlaget.
Sandøy, Helge (2013). «Stramt språk? Mytar om nynorsk», i J.J. Hyvik og S.J. Walton (red.):‘Der var ruskut å leggja utpå’. Oslo: Novus., s. 119–137.
Sandøy, Helge (2008). «Skriftvariasjon», i B. Mæhlum mfl. (red.): Språkmøte. Oslo: Cappelen Damm, s. 167–193.